Hopp til innhold

Rådgivar - arkiv

Arbeidsgiver

Drift-teknisk divisjon/ Fagseksjon for papirforvalting og depot, Helse Bergen HF

Sted

Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar - arkiv
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 19. juni

Dokumentasjonsavdelinga i Helse Bergen har som oppdrag å levere heilskaplege dokumentasjonstenester til helseføretaket. Avdelinga består av fire seksjonar med om lag 100 medarbeidarar. Som rådgivar i Dokumentasjonsavdelinga vil du vere ein del av Fagseksjon for papirforvalting og depot. Fagseksjonen har sju medarbeidarar og har ansvar for forvalting av papirarkiva til helseføretaket.

Mykje av det som blir teken hand om i seksjonen er eldre pasientjournalar i papirform. Fagseksjonen legg til rette for innsyn i eldre arkivsaker og sørgjer for å avlevere arkivmateriale til Nasjonalarkivet. Seksjonen har utvikla seg kraftig dei siste åra, og er framleis i utvikling. Det er difor naudsynt med ein rådgivar i et vikariat på eit år, med mogleigheit for forlenging. Du som blir tilsett må ha interesse for eldre papirarkiv og evne å finne løysingar med digitale verktøy. 

Kjenner du på verdien av å ta vare på historia? Blir du motivert av moglegheita til å vere med å utvikle fagseksjonen vidare? Då kan du vere kandidaten vi er på jakt etter.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak, ordning og arkivering av analog dokumentasjon frå føretaket
  • Registrering og oppdatering i relevante system
  • Tilrettelegging for innsyn i dokumentasjon ved behov
  • Sikre korrekt handtering av sensitiv informasjon i hht. gjeldande regelverk
  • Delta i utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar
  • Planlegge og gjennomføre kartlegging av papirarkiv i føretaket
  • Klargjering og avlevering av arkivmateriale til Nasjonalarkivet i hht. gjeldande rutiner

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan arkiv, administrasjon eller dokumenthandtering. Minimum fullført bachelorgrad
  • Erfaring frå arkivarbeid eller dokumenthandtering er ein fordel
  • God digital kompetanse og evne til å lære nye system
  • Kjennskap til personvernregelverk og handtering av sensitiv informasjon er ønskjeleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde
  • Særs god norskkompetanse. Minimum B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Nøyaktig
  • Interessert i å gjere kollegaer gode
  • Initiativrik
  • Serviceinnstilt
  • Tek ansvar
  • Har evne til å prioritere arbeidsoppgåvene
  • Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i KLP
  • IA-bedrift
  • Moglegheit for å påverke eiga stilling og arbeidsfelt

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Irene Valvik Vågen, Seksjonsleiar, 55978423

Arbeidsstad

Møllendalsbakken 7
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5141222798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Irene Valvik Vågen

Seksjonsleiar

55978423

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0467b3c5-401c-4a4b-ae00-003f807fbfa3

Sist endret

10. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3a6d4e1e430443ddb4a2b2e1fd25549c

Lignende annonser

Laster lignende annonser