Hopp til innhold

Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Universitetsmuseet Muséplassen 3, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

Ein draumejobb for deg som nyfiken, omgjengeleg og liker å kommunisere! 
Vil du jobbe med publikum ved Universitetsmuseet i Bergen? Vi har ledig fem (5) deltidsstillingar som kunnskapsvertar (konsulent 1065) knytt til Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling (AFF) frå juni 2026.

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som sine kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt ansvaret for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. 
Nærare informasjon om museet: https://www.uib.no/universitetsmuseet  

Kunnskapsvertane bemannar Universitetsmuseet som ligg i Muséplassen 3. Museet inneheld utstillingar og areal som er eigna til museumsbasert forskingskommunikasjon, undervisning, og større arrangement. Universitetsmuseet er ein viktig møteplass for akademia og samfunn og avdelinga skal gjennom ulike format og metodar kommunisere frå den natur- og kulturvitskapeleg forskinga ved Universitetsmuseet og frå forskinga ved Universitetet i Bergen.

Kunnskapsvertar
Kunnskapsvertane er Universitetsmuseet sitt ansikt i møte med publikum. I rolla som kunnskapsvert skal du bidra til at dei besøkande får ei god og kunnskapsbasert oppleving når dei vitjar museet. Du vil få moglegheit til å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, undervisning for skuleverket, jobbe med butikk og gjere anna musealt arbeid som skal til for å skape ei flott museumsoppleving for dei som vitjar Universitetsmuseet, Muséplassen 3. Du vil få opplæring i det du treng for å fylla rolla som kunnskapsvert. 

Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje. Arbeidsdagar er i hovudsak tysdag til laurdag kl. 09:45-16:15 og søndag kl. 10:45-17:15. 

  • Vi lyser ut fem (5) stillingar på 17,33%. Dette tilseier at du jobbar 6.5 timar i veka. I desse stillingane vil ein hovudsakleg arbeide i utstillingane
  • Som kunnskapsvert må du pårekna at det vil bli ekstraarbeid etter avtale i samband med arbeid som førebuingar til og gjennomføring av undervisning for skuleverket, arrangement, utstillingar og anna. Det vil også bli ekstratimar etter avtale i form av helge- og kveldsarbeid med gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar. Dersom museets opningstid vert endra, blir stillingsprosenten endra tilsvarande. 

    Kunnskapsvertane rapporterer til nærmaste leiar i Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling.

    Intervju
    Intervjuprosessen har to rundar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til gruppeintervju (20.-21. mai) der ein får prøve seg i ulike rollar som ein kunnskapsvert skal kunne meistre. Dei som går vidare etter denne runden vert kalla inn til eit individuelt intervju kort tid etter. 


    Arbeidsoppgåver:

    • Gje publikum ei spennande, god, unik og lærerik oppleving
    • Vere i dialog med publikum om vitskapeleg kunnskapsproduksjon 
    • Patruljere og ha evakueringsansvar ved publikumsområda i Muséplassen 3
    • Holde undervisningsopplegg tilrettelagt for barnehagar og skuleklassar 
    • Ta del i å førebu og gjennomføre arrangement 
    • Ta del i å byggje midlertidige utstillingar
    • Anna musealt arbeid etter avtale

    Kvalifikasjonar og eigenskapar:

    Krav til stillinga:
    • Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad, fortrinnsvis ved UiB eller tilsvarande
    • Du må vere ein dyktig formidlar som likar forskingsbasert kunnskap
    • Erfaring frå og interesse i drama, undervisning, formidling, forskingskommunikasjon eller tilsvarande 
    • Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt
    • Du må jobbe godt i team 
    • Du må meistre norsk og engelsk flytande (B2 nivå)
    Andre kvalifikasjonar som blir vektlagt
    • Erfaring med å stå i butikk
    • Erfaring frå serviceyrke 
    • Erfaring med å handtere og vere ansvarleg for ulike grupper menneske
    • Utdanning innan naturvitskap

    Vi tilbyr:

    • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
    • Stilling som konsulent (kode 1065) med årslønn kr. 460 700 – 485 400 brutto årleg i 100% stilling i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
    • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
    • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
    • Gode velferdsordningar

    Generell informasjon:

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:  vertsansvarleg Aisha Marie Heim, telefon 922 56 901, e-post: aisha.heim@uib.no   

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.   


    Om bedriften

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0357069a-568d-4b00-9a3c-52b359ec7cdb

    Sist endret

    14. april 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10291050

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser