Vil du bli vår nye Prosjektleder i Førde?
Veidekke
Fjærevegen 1, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. januar
Vi ser etter deg som vert trigga av utfordringar, likar samarbeid, involvering og spennande byggeprosessar!
Vi har store og spennande prosjekt på gang, og ynskjer å styrke laget med ein prosjektleiar med erfaring. Veidekke har eit sterkt fokus på menneska i organisasjonen og forventar at du er med og bidreg til å gjere oss betre som organisasjon. Vi har stort fokus på innovasjon og samarbeider både på tvers av prosjekt og distrikt.
Vi jobber primært med prosjekt innan private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt.
ProfilSom prosjektleiar har du ansvaret for å leie prosjektet i mål på tid, kost og kvalitet. Det betyr at du skal legge til rette for at alt går som det skal, frå kontrakt til økonomistyring, framdrift, kvalitetssikring og miljøomsyn. I tillegg får du delta i tilbodsarbeid, kalkulasjon og prosjektutvikling.
Du leier dialogen med kundane, passer på at teamet ditt har det bra og sørger for framdrifta i prosjektet. Du held og auge med bemanning, HMS og innkjøp. Du vil jobbe i team saman med dyktige medarbeidarar i Veidekke og leverandørar/UE/rådgivarar. Som prosjektleiar inngår du i vårt PL-nettverk.
KvalifikasjonarVi søker deg som har både ein teoretisk bakgrunn og byggeteknisk erfaring. Vi tenker at fylgjande er sentrale områder du kjenner deg att i, trivast med og vert utfordra av:
-
Godt humør, stå-på-vilje, likar å jobbe i team -- flink med folk!
-
Inspirerande leiar, kreativ og strukturert
-
Bachelor/Master innan byggfag eller teknisk fagskule
-
Allsidig erfaring frå bygg eller anleggsprosjekt
-
God kommersiell forståing
-
God muntleg og skriftleg framstillingsevne, i tillegg til aktiv bruk av digitale verktøy
-
Gode norskkunnskaper
-
Trivast både i felten, på brakka og kontoret
Vi ynskjer å få med deg som har tru på eiga gjennomføringsevne. Du tek eigarskap til prosjekta, evner å motivere, ser mulegheiter, er resultatbevisst og kreativ. Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig. I Veidekke får du ansvar om du tek ansvar. Gode idear, godt samspel og involvering er sentrale tema hos oss, og du må ynskje å utvikle deg sjølv og teamet du jobbar i. Kort fortalt: Du er ein leiar med stort pågangsmot, er beslutningsdyktig og ein god lagspelar.
Vi tilbyrHos oss blir du ein del av eit miljø der viler mykje og støttar kvarandre gjennom tjukt og tynt. Her deler vi kunnskap, leverer gode resultat og veks saman. Og ja, vi har det skikkeleg kjekt undervegs.
Du får ei sentral leiarrolle og får jobbe med spennande prosjekt i Sunnfjord og resten av distriktet saman med trivelege kollegaer i eit sterkt fagleg miljø. Vi ynskjer å vere ein organisasjon der alle blir sett, med stor fridom og høve for involvering og utvikling. Ein får ansvar og tillit, og kunde, HMS og kontinuerleg forbetring står øvst på agendaen.
Du får konkurransedyktige vilkår, inkludert bonusordning, aksjeordning for medeigarskap, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi har bedriftshytter og ulike sosiale arrangement.
Har du spørsmål eller vil vite meir om stillinga? Vi tek gjerne ein prat med deg.
Om bedriften
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot. Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
034a687d-154f-4012-910d-95c450a8b529
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
442019320
Lignende annonser
Feltlaborant
Arbeidsgiver
Veidekke
Sted
Førde
Prosjektleder
Arbeidsgiver
HS Bygg AS
Sted
Stryn, Møre og Romsdal, Vestland, Hareid, Sunnfjord, Ålesund
Byggdriftsansvarleg
Arbeidsgiver
Steinvik Gruppa
Sted
Eikefjord, Askvoll, Bremanger