Hopp til innhold

Fagarbeidar i Rogne barnehage - 100% vikariat

Arbeidsgiver

Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune

Sted

Solhauglie 8, 2943 Rogne

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar i Rogne barnehage - 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.

Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.

Vi samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar. 
Frå hausten 2025 og i to år framover, skal barnehagen, i lag med dei andre barnehagane og skulene i kommunen, være deltakar i Læringsmiljøprosjektet. Dette er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon. 

Visjonen til barnehagen er "For barna".

Vi har ledig 100% vikariat frå 17.11.2025 til 14.08.2026. Det kan bli ledig fleire stillingar. Vi har også behov for tilkallingsvikarar. 

Primært søkjer vi etter personar med fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeiderfaget, men andre søkjarar kan også bli vurdert. 


Arbeidsoppgåver

  • Være ein aktiv bidragsytar i planlegging og tilrettelegging av det pedagogiske arbeidet i  barnehagen
  • Delta i det pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
  • Foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskjeleg, men andre kan bli vurdert
  • Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
  • Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
  • Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
  • Ha humor og glede
  • Vere påliteleg
  • Delta aktivt i personalgruppa og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Anne-Kari Gjerdalen, Styrar, +47 95733837

Arbeidsstad

Solhauglie 8
2943 Rogne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5024116076
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2025

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

03208167-62d2-4c94-b228-7f7aae20c6b3

Sist endret

28. oktober 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

608aeef2e826444d87d6a284066f6514

Lignende annonser

Laster lignende annonser