Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver

Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. juli

Vi har ledig fast stilling og vikariat med eit års varigheit for Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med oppstart frå 17.08.26 eller etter avtale!

  • 1 x 77,5% fast stiling
  • 1 x 100% vikariat
  • 1 x x80% vikariat
  • 1 x 75% vikariat

Seksjon for Nyfødt intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av disse plassane er brukt til høgintensiv behandling og seks plassar er til intermediær behandling. Vi har også familierom hos oss og digitalt hjemmesykehus.  
Vi dekkjer nyfødt-tilbodet i heile Møre og Romsdal fylke. Vi behandlar premature barn frå svangerskapsveke 26 samt alle andre sjuke, nyfødde born.  

Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med flotte, dedikerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid både i avdelinga og på tvers i klinikken. Det blir gitt god opplæring over 6 veker ved nytilsetting. Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingar. 

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 


Arbeidsoppgåver

  • Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde barn 
  • Legemiddelhandtering
  • Bruk av medisinskteknisk utstyr 
  • Familiebasert omsorg basert på NIDCAP
  • Rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid 
  • Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerhet 

Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar i nyfødtsjukepleie/barnesjukepleie/intensivsjukepleie 
  • Sjukepleiar utan videreutdanning kan også søkje  
  • Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert, initiativrik og pasientorientert 
  • Kunne trivast i eit aktivt arbeidsmiljø 
  • Vere fleksibel, men strukturert 
  • Vere positiv og ha godt humør 
  • Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø og positiv utvikling 
  • Ha gode evner til samarbeid 
  • Ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag 

Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Ein spennande og gjevande arbeidsplass 
  • Ei god opplæring og gode kollegaer 
  • Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5139711556
Stillingsprosent: 77,5, 100, 80, 75%
Fast, Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 12.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Ann-Iren Vartdal

Seksjonsleiar

Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

017b182f-b443-464a-a58c-2b014a4e720c

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

851cfebcf47d4be080efc3c41ae6c0d0

Lignende annonser

Laster lignende annonser