Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest fredag 21. august
Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig ei 80% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale.
Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus.
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.
Det kan vere moglegheit for kombinasjonsstilling ved sengeposten for høgare stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av barn og ungdom innan fagområda onkologi, gastroenterologi og nevrologi
- Koordinering og oppfølging av behovsstyrt poliklinikk, inkludert pasientkontakt, vurderingar og oppfølging etter gjeldande rutinar
- Vere ein sentral samarbeidspartnar for legar innanfor aktuelle fagområder, og bidra til heilskaplege og koordinerte pasientforløp
- Pasient- og pårørandeopplæring, rettleiing og støtte knytt til sjukdom, behandling og meistring
- Delta i vidareutvikling av polikliniske tenester, kvalitetsforbetring, digitalisering og oppgåveglidning
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp
- Utføre andre relevante oppgåver i seksjonen etter behov
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning
- Erfaring og kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin
- Ønskeleg med erfaring frå forbedringsarbeid
- Vi forutsett at søkar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit hos barn, ungdom og pårørande
- Du har gode samarbeidsevner og trivast med tverrfagleg samarbeid
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
- Du er fleksibel og handterer variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidsbelastning
- Du er innovativ, utviklingsorientert og motivert for å bidra til kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene
- Du tek ansvar, viser initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5156287543
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c7c5c25-937e-4f5c-9ee1-d6d188d47a35
- Sist endret
21. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c3a092a21d64adbb611c3becfd32b4d