Enge skule treng fagarbeidar/assistent ringevikarar i 1-10 skulen
Etne kommune Enge skule
Strondavegen 21, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Enge skule treng fagarbeidar ringevikarar i 1-10 skulen
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Enge skule søkjer etter fagarbeidarar/assistentar til ringevikarar i 1-10 skulen.
Enge skule ligg i Etne sentrum og er ein kombinert 1-10 skule med 430 elevar. Etne kommune har stor merksemd på eit trygt og godt læringsmiljø og samarbeid for ein kollektiv skule. Me arbeider for gode skuledagar med høg kvalitet i alle rom.
Me tek folk inn fortløpande til intervju.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik. Støtte og motivere elevane i undervisning og i sosiale aktivitetar.
- Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper.
- Legge til rette for leik, kultur og aktivitet med utgangspunkt i borna/ungdomane sin alder, funksjon og interesser.
- Følge opp orden, rutinar og planar.
- Samarbeide til beste for barna gjennom planlegging og personalmøte.
- Kommunisere godt med heimane.
- Vere ein synleg og trygg rollemodell for alle elevar.
- Vere vakt i friminutt.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med godkjent fagarbeidarutdanning, men det er ikkje naudsynt.
Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherske nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
Gode digitale dugleikar.
Eigenskapar
- Du inspirerer born og vaksne og bidreg til livsglede og lærelyst.
- Du skapar engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat.
- Du er roleg, tolmodig og engasjert.
- Du har eit positivt elevsyn, er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.
- Du er opptatt av å skapa gode relasjonar til elevane.
- Du er positiv, fleksibel og likar samarbeid.
- Du likar utfordringar og er løysingsorientert.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar og føresette.
Me tilbyr
- Ein interessant og variert jobb.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Annan informasjon
Ved arbeid i skule, og SFO skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/SFO skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
00a5d4e7-0f03-488a-94cc-6cf9e119f230
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3577457_213801_nn
Lignende annonser
Ringevikar til jobb som lærar i 1-10 skulen
Arbeidsgiver
Etne kommune Enge skule
Sted
Etne
Ringevikar i Enge barnehage
Arbeidsgiver
Etne kommune Enge barnehage
Sted
Etne
Ledige vikarstillingar ved Enge skule, inntil 300%
Arbeidsgiver
Etne kommune Enge skule
Sted
Etne