Hopp til innhold

Sommarjobben ventar på deg!

Nye moglegheiter blir lagde ut heile tida – søk på den neste sommarjobben din no.

Hagearbeidar som held to plantepotter og smiler mot kameraet.

For mange er sommarjobb det første møtet med arbeidslivet. Erfaringa du får her kan bli veldig verdifull å ta med seg og ser bra ut på CV- ein din.

Arbeidsgivarar registrerer dagleg ledige stillingar på arbeidsplassen.no. I tillegg hentar vi automatisk inn stillingar frå mange nettstader, og vi gir deg ei samla oversikt. Enkelt og greitt!

Her finn du sommarjobbar

Tips til deg som vil søkje på sommarjobbar

Hvordan skilje seg ut?

Ver positiv og få fram kvifor du er den rette for jobben. Kanskje du har vore hjelpetrenar på fotballaget, sete i elevrådet eller hatt småjobbar? Har du hobbyar? Kanskje det har gitt deg kunnskap og ferdigheiter som arbeidsgivar ser etter?

Skriv gjerne om nokre fag på skulen du synest er interessante eller nokon kurs som du synest er morosame som kanskje kan ha relevans for jobben.

Superrask søknad

På arbeidsplassen.no finn du enkelte sommarjobbar som har superrask søknad. Du sender ingen CV, men skriv kvifor du meiner du er rett person for jobben. Hugs at du konkurrerer med andre om jobbane, så det er viktig at du verkar positiv og motivert for jobben.

Bruk nettverket ditt

Mange finnar jobb gjennom nettverket sitt. Fortel at du er på jakt etter jobb. Jo fleire du snakkar med, jo større sjanse er det for at det dukkar opp jobbmoglegheiter.

Sjekk fleire jobbsøkjartips på nav.no

Sommarjobben ventar på deg! - arbeidsplassen.no