Superrask søknad
Ein enklare måte å kome i kontakt med verksemder

Vi har gjort det lettare for deg å søkje på jobbar og kome i kontakt med interessante verksemder. Med nokre få tastetrykk på mobil, nettbrett eller laptop kan du raskt vise fram erfaringa di og at du er rett person til jobben.
Bruk filteret i stillingssøket som heiter "superrask søknad". Dersom du kombinerer det med stadfilter og reiseavstand, får du sjå annonser med superrask søknad i nærleiken av der du bur. Vi har òg merka annonsane med "superrask søknad" slik at du lettare kan finne dei.
Når du vel å søkje med superrask søknad, er det lagt opp til at du får beskjed frå verksemda om du er aktuell eller ikkje. Du får denne beskjeden på e-post, så det er viktig at du er nøyen når du legg inn kontaktinformasjonen din.
Ingen CV eller langt søknadsbrev
- Du svarar berre på dei kvalifikasjonane verksemda legg vekt på i stillinga. Du har moglegheit til å skrive ei kort grunngjeving for kvifor nettopp du passar til jobben.
Du får beskjed
- Vi har gjort det enkelt for verksemda å vurdere søknaden din, slik at du raskt skal få tilbakemelding. Uansett om verksemda vurderer deg som aktuell eller ikkje, skal du få ei melding på e-post, slik at du slepp å gå og lure.
Alle søknader samla på éin stad
- No får du ei samla oversikt over alle jobbsøknadene du har sendt via superrask søknad. På "Mi side" finn du "mine søknader", der du kan følgje med på kva som skjer med søknadene. Du kan òg trekkje ein søknad dersom du ikkje lenger er interessert i stillinga.
Du har kontroll på dine data
- Du kan når som helst trekkje tilbake søknaden din og informasjonen du har oppgitt.
- Vi slettar all innsend informasjon tre månader etter at fristen i stillingsannonsen har gått ut.
Les også personvernerklæringa for superrask søknad.
Prøv superrask søknad på arbeidsplassen.no og gje oss gjerne ei tilbakemelding på korleis du synest det fungerte.
Lukke til med jobbsøkja!

