100 % vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar på Nav Lom og Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Saksbehandler i NAV Arbeid og ytelser
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til folk? NAV Lom og Skjåk søkjer ein engasjert rettleiar/sakshandsamar til eit spennande vikariat med varierte oppgåver innan rettleiing, økonomi og sosialfagleg arbeid -- i eit arbeidsmiljø der samarbeid, utvikling og menneske står i sentrum.
Rettleiar/sakshandsamar på Nav Lom og Skjåk
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk Kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret er lokalisert i Bismo. Vikariatet er ledig frå 01.06.26 og fram til 31.03.27, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
-
Arbeidsoppgåver og saksbehandling etter Lov om sosiale tenester i Nav.
-
Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar.
-
Forvaltning av personar sin private personar sin økonomi.
-
Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte.
-
Nav er ein organisasjon i endring, det kan bli endring i oppgåver.
-
Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing.
Kvalifikasjonar
-
3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (bachelor)
-
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
-
Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar
-
Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Vi vektlegg at du
-
har evne til å arbeide målretta.
-
har evne til å arbeide i team.
-
er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag.
-
har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne.
-
har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og gode evner til omstilling.
Søkjarar må disponere eigen bil -- ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.
Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no.
Vi tilbyr
-
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
pensjonsordning i KLP
-
spanande og utviklande arbeidsoppgåver
-
fleksitid
Spørsmål kan rettast til
Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk,
mob. 95982598 gudrun.teigen@nav.no
Søknadsfrist 01.06.2026
Elektronisk søknadsskjemaSøkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ff364ce9-3a0b-4327-beec-3af8c57c9177
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ff364ce9-3a0b-4327-beec-3af8c57c9177