Hopp til innhold

100% fast stilling som fagleg veileder i Tilrettelagte tenester

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
100% fast stilling som fagleg veileder i Tilrettelagte tenester
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 5. juli

Vil du ha ein meiningsfull jobb med varierte dagar fokus på fagleg utvikling? Vi har no ledig stilling som fagleg veileder!

Tilrettelagte tenester søkjer deg som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell. Vi yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar, og arbeidshverdagen er både variert og utviklande. Oppgåvene spenner frå bistand i dagleglivet til rettleiing i skule, barnehage og heimar, samt avlastning for barn og ungdom.

Hos oss er du med på ei spennande utvikling! Vi er aktive deltakarar i innovasjonsprosjektet TØRN, eit læringsnettverk retta mot denne typen tenester. Det betyr at du kjem inn i ei framtidsretta og utviklingsorientert teneste, der vi jobbar målretta for å skape best mogleg kvalitet – både for tenestemottakarar og tilsette.

Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg nysgjerrig og ønskjer å bidra aktivt i utvikling av både fag og arbeidsplass. Hos oss får du gode moglegheiter til påverknad, fagleg vekst og samarbeid med dyktige kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjement for brukergruppa i tenesten. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere fag og utviklingsarbeid.

Vi er organisert med to faglege rettleiarar med kvar sine ansvarsområde: bustad i tilknyting til Brennebakkin og barn/ungdom. Veiledarane inngår i leiargruppa til avdelingsleiar og har eit overordna fagleg ansvar for organisering av tenestene, fagleg oppfølging, fagleg veiledning av tilsette, samt deltaking i ordinære driftsoppgåver. Fagadministrativ tid er implementert i turnusen.

 

Nysgjerrig på å arbeide hos oss? Vi har og ledig vikariat som vernepleier i 100% stilling, med oppstart snarleg og varigheit til november 2027. Vikariatet kan bli forlengja, og det er moglegheit for fast tilsetjing.

 

Intervju er planlagt til veke 29

Arbeidsoppgåver

  • Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
  • Arbeid i avlastningsbustad for born og unge
  • Ambulerande virksomheit, herunder veiledning av familiar og andre instansar
  • Delta i og lede fagmøter, samarbeidsmøter og instansmøter
  • Medikamenthandtering
  • Følgje opp og veilede i dokumentasjonssystemet
  • Systematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
  • Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
  • Utarbeide og følgje opp vedtak etter hol. kap. 9 der det er aktuelt
  • Utarbeiding av individuell plan og fungere som koordinator i ansvarsgrupper der det er aktuelt
  • Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar 
  • Utarbeide og evaluere rutiner
  • Stedfortrederfunksjon for avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleier
  • Søkjarar med annan 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning, eller annan relevant utdanning og erfaring, kan bli vurdert
  • Personleg egnaheit og erfaring vil bli tillagt stor vekt
  • God kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må framleggast før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
  • Positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Du må vere fleksibel, og kunne arbeide i alle deler av tenesta

Vi tilbyr

  • Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
  • Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette
  • Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • God pensjonsordning
  • Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5136824698
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 05.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Maren Hvitmyhr

Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester

+47 90074703

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ff22b3fa-95cb-4747-9a97-c6b28c15d347

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dff6e103ae9c49c0afd907a35e680ea2

Lignende annonser

Laster lignende annonser