Hopp til innhold

Valdres vidaregåande skule - Elevveileder (vikariat)

Arbeidsgiver

Innlandet fylkeskommune Valdres vidaregåande skule

Sted

Yrkesskulev. 20, 2920 Leira i Valdres

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 25. august

Beskrivelse

 Valdres vidaregåande skule har ledig inntil 100 % årsvikariat som elevveileder frå 17. august 2026. 

Vi søkjer deg som
  • er omsorgsfull
  • er trygg sosialt og fagleg
  • er engasjert og fleksibel
  • jobbar strukturert og systematisk
  • ser elevens behov
  • har gode samarbeidsevner
  • liker å arbeide med ungdom
  • er ein god rollemodell
  • er kreativ og løysingsorientert
Vi tilbyr
  • interessante arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
  • arbeidsåret følgjer skuleruta og medfører lønnstrekk pga skuleferiar
  • inntil 100% vikariat
  • ledig frå 17. august 2026
Arbeidsoppgåver
  • bistå elevar med ulike funksjonsvariasjoner
  • bistå elevar i klasserom, i mindre grupper og individuelt
  • legge til rette for læring og utvikling
  • samarbeid med lærarar, elevtenesta m.fl.
  • fagleg utvikling i profesjonsfellesskapet
  • arbeidsoppgåvene har utgangspunkt i elevens behov 
Ønskte kvalifikasjoner
  • fagbrev innan barne-og ungdomsarbeidarfag eller anna relevant utdanning og arbeidserfaring
  • erfaring frå arbeid i skule og/ eller med ungdom er ein fordel
  • erfaring frå miljøterapeutisk arbeid kan vere ein fordel
  • relevant arbeidserfaring vil i gitte tilfelle kunne kompensere for manglande formell utdanning
  • menn blir oppfordra til å søke
Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Avdelingsleder Anne Flugstad Øistuen

+47 41 20 11 99

annois@innlandetfylke.no

Om bedriften

Valdres vidaregåande skule har utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, samt teknikk og industriell produksjon. Skulen har også en avdeling for tilrettelagt opplæring/ spesialundervisning. Skulen har ca 400 elevar og 100 tilsette. Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune. Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

63615479-d9b6-43e5-8a45-078accc0b2ce

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3651587_189645_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser