Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Heimetenesta - Bråtet 1, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar /Omsorg pluss
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Om stillinga

Omsorg pluss i Vaksdal kommune har ledig 60 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Moglegheit for høgare stillingsprosent i kombinasjon med heimesjukepleien. 

Vi arbeider personsentert og har fokus på å gi omsorg med respekt, fagleg kvalitet og menneskeleg varme. 

Omsorg pluss er eit tenestetilbod som ligg i trinnet mellom tilbod i ordinær omsorgsbustad og institusjon i innsatstrappa. Det vil seie at personar som får tildelt bustad i omsorg pluss-tiltak, har i utgangspunktet eit for stort omsorgsbehov til at heimetenesta klarer å gi eit forsvarleg omsorgstilbod i heimen og for lite omsorgsbehov for langtidsplass i institusjon. Avdelinga har 5 plassar og er bemanna med faste tilsette på dag- og kveldstid. Her disponerer brukarane eiga leilegheit med stove, soverom, kjøkken og bad. I tillegg kan dei nytte seg av fellesareal, måltid og aktivitetar saman med dei andre bebuarane.


Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging av pasientar med stell og pleie
  • Hjelp til daglege gjeremål 
  • Medisinhandsaming 
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå 
  • Kontakt og samarbeid med pårørande 

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev 
  • Krav om godkjend politiattest 
  • God framstillingsevne, både munnleg og skriftleg på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter 
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø. 
  • Du evnar å sjå samanhengar og bidra til heilskapleg tenking på tvers av avdelingar og arbeidsområde 
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode 
  • Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vaksdal kommune kan tilby

  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Kontaktperson for stillingen

Julie Ovidia Trøan

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4741424258

julie.ovidia.troan@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Me tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

Omsorg pluss avdelinga er underlagt heimetenesta og har base på Dale. Vi skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spennande. 

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fe946fe3-0a1f-438c-87f8-aaab914af3d5

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10281970

Lignende annonser

Helsefagarbeidar Vikariat

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Dalekvam