Forskar i KI-støtta speldesign og utvikling ved AI LEARN
Universitetet i Bergen
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskar i KI-støtta speldesign og utvikling ved AI LEARN
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei ledig ei mellombels stilling som forskar i KI-støtta speldesign og utvikling ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til AI LEARN.
Om AI LEARN og KI-sentera
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingsenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentera er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til ei klynge av prosjekt som tek for seg det kritiske behovet for avanserte, menneskesentrerte KI-teknologiar for å styrke menneskeleg læring. Dette prosjektet skjer i samarbeid med militære partnarar.
Arbeidsoppgåver:- Designe og utvikle eit haldningsbyggande/formande dataspel som underbygger samhold, lagånd og handlekraft i forsvaret, retta mot rekruttar i førstegongstenestene, samt øvrig personell og leiing i Forsvaret.
- Rettleie tekniske ressursar i AI LEARN i utviklinga av spelverkemiddelet.
- Samarbeide med forskings- og kompetansemiljøa i forsvarssektorane i utviklinga av spelverkemiddelet.
- Gjennomføre framifrå forsking på KI-støtta i speldesign og -utviklingsprosessar.
- Delta i aktivitetar ved AI LEARN og bidra til samhaldet i senteret.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:- ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, informasjonsvitskap eller liknande, på søknadstidspunktet
- ha relevant erfaring med dataspelutvikling frå industri og/eller akademia
- ha svært god kjennskap til og brukerfaring med eit eller fleire rammeverk for spelutvikling, som Unity 3D, Unreal Engine, eller liknande
- ha gode programmeringsferdigheiter
- kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- ha svært gode norskkunnskapar (minimum på B2 nivå) fordi kandidaten skal arbeide med og kunne forstå komplekse tekstar om blant anna åtferdspsykologi, forsvarsdoktrine, m.m.
- ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk
- kunne bli sikkerhetsklarert til nivå hemmeleg i henhold forskrift om sikkerhetsklarering fordi tekstgrunnlag som skal bli brukt i arbeidet kan vere underlagt sikkerhetslova og vere begrensa eller hemmeleg
- arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner
Det er ein fordel viss du:
- kan vise vandelsattest
- har gjennomført førstegongsteneste (eller tilsvarande)
- kan vise til spel som du har laga heile eller delar av sjølv
- har erfaring med nødvendig programvare for sjølvstendig prosessering av spelgrafikk
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) kr 630 000 – 680 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ein utfyllande søknadstekst om din faglege bakgrunn, dine forskingsinteresser, og din motivasjon for å søkje stillinga (maks 3 sider inkl. referanse)
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar (maks 3)
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- Relevante vitnemål og attestar
- Bekreftelse på gjennomført førstegongsteneste eller liknande dersom du har dette
- Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe48d052-117b-4fcc-9542-baf54e804ce0
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275357
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen