Stipendiat innan menneske-KI samhandling (kreativitet, læring og KI) ved AI LEARN
Universitetet i Bergen
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat innan menneske-KI samhandling (kreativitet, læring og KI) ved AI LEARN
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei ledig ei stilling som stipendiat i psykologi, samfunnsfag, økonomi og leiing, juss, eller liknande ved SLATE, Det psykologiske fakultetet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til AI LEARN, og finansiert av Universitetet i Bergen.
Om AI LEARN og KI-sentera
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltar i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærar saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringar i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentera er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til ei gruppe prosjekt som handlar om hybrid intelligens. Prosjektet undersøkjer korleis menneske og kunstig intelligens (GenAI) samarbeider i kreative og kunnskapsbyggande prosessar på tvers av ulike læringskontekstar – frå høgare utdanning til arbeidsliv.
Veilederen for doktorgraden vil vere seniorforskar Ingunn Ness. Ta kontakt med henne for meir informasjon om prosjektet.
Arbeidsoppgåver:- undersøkje korleis økosystem med fleire aktørar (menneske og KI) samhandlar i kreative prosesser i teamarbeid, dialog, kunnskapsutvikling og problemløysing
- analysere korleis undervisarar og/eller leiarar nytter GenAI-verktøy for å fremje innovasjon og utvikle organisatoriske praksisar
- kartleggje kognitive, emosjonelle og tekniske ferdigheiter som krevst i hybrid intelligens og samarbeid mellom menneske og KI
- bidra til å utvikle ny innsikt i korleis dialog og samhandling mellom menneske og KI kan fremje kreativitet og læring i læring- og arbeidslivskontekstar
- aktivt delta i aktivitetane ved AI LEARN og bidra til livet ved senteret
Arbeidsstad er Bergen, Norge.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:
- ha ein mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, utdanningsteknologi, læringsvitskap, organisasjonspsykologi, innovasjon, IKT i læring eller tilsvarende på søknadstidspunktet
- ha relevant erfaring frå forsking innan utdanning og/eller arbeidsliv eller læringsteknologi, kreativitet eller relaterte områder
- ha erfaring med kvalitative forskingsmetodar, som intervju og/eller designbasert forsking
- kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
- ha utmerkande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Det er ein fordel om du:
- har forskingserfaring med kreative prosessar i læringskontekster
- har interesse for kreativitet, kunnskapsutvikling og interaksjon mellom menneske og kunstig intelligens
- beherskar eit skandinavisk språk, skriftleg og munnleg, då delar av forskinga vil vere på norsk-språklege arbeidsplassar
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeld følgande:
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen
Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Prosjektskisse (maks 7 sider inkl. referanse) relevant for å beskrive prosjektet
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar (maks 3)
- Stadfesting frå ph.d rettleiar
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- Karakterutskrift og vitnemål (all høgare utdanning)
- Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka.
- Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden.
- Relevante attestar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37d1355f-dd02-4cb4-b0c4-e671e2fb796d
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275345
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen