Stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet 355137 “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Dette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere disse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for begge fagfelt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk.
Dei forventa resultatene er todelte: å vidareutvikle moderne parameteriserte og approksimasjonsalgoritmar for å løyse krevjande berekningsproblemer med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske bruksområde.
Til stillinga søkjer vi ein forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlegheit. Ein vellukka kandidat vil gjere forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samarbeide med andre medlemmer av algoritmeforskingsgruppa. Vi ser etter framifrå kandidatar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, approksimasjonsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori og relaterte fagfelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk (kombinatorikk eller/og diskret matematikk) eller informatikk (algoritmar). Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kompetanse innan diskret matematikk og algoritmar er eit krav.
- Kompetanse innan ekstremal kombinatorikk og/eller parameterisert kompleksitet er ein fordel.
- En solid publikasjonsliste i leiande konferansar innan informatikk, som til dømes STOC, FOCS, SODA, ICALP, ESA, eller i høgt rangerte tidsskrifter som TALG, JCTB, Combinatorica, eller tilsvarande topp-publikasjonar, er ein fordel.
- Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: forskar 1183 Petr Golovach, Institutt for informatikk, UiB på petr.golovach@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand på maria.svasand@uib.no eller 55 58 86 62
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- b8043b46-2f1f-4600-b361-8882b6f6c7c4 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- jobbnorge 
- Referanse
- 10268689 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen