Stipendiat i KI og scenario simulering ved AI LEARN
Universitetet i Bergen
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i KI og scenario simulering ved AI LEARN
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei ledig stilling som stipendiat i psykologi, samfunnsfag, økonomi og leiing, juss, eller liknande ved SLATE, Det psykologiske fakultet. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til AI LEARN, og finansiert av Universitetet i Bergen.
Om AI LEARN og KI-sentera
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 35 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingsenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentera er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet og arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til ei klynge av prosjekt som tek for seg det kritiske behovet for avanserte, menneskesentrerte KI-teknologiar for å styrke menneskeleg læring. I dette prosjekt vil samarbeid skje med både militære og sivile sikkerheits- og beredskapspartnarar.
Arbeidsoppgåver:- utforske militære og sivile datasett relatert til trening og øving på sikkerhets- og beredskapssituasjonar og scenario
- utforme planverk for trening av store og små språkmodellar for bruk i beslutningsstøtte og situasjonsforståelse i militær og sivil sikkerhets- og beredskapstrening gjennom spillbaserte scenariosimuleringar
- konsekvensutrede bruk av små og store språkmodellar i militære og sivile sikkerhets- og beredskapsoperasjonar
- delta i aktivitetar ved AI LEARN og bidra til samholdet i senteret
Hovudrettleiar vil bli førsteamanuensis Fredrik Breien. Ta kontakt med Breien for å få meir informasjonen om prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:
- ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi, samfunnsfag, økonomi, leiing, juss, eller liknande på søknadstidspunktet
- kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- ha svært gode norskkunnskapar (minimum på B2 nivå) fordi kandidaten skal arbeide med og kunne forstå komplekse rapportar frå sikkerheit, krise- og beredskapstrening og beredskapshendingar skrevet på norsk
- kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
- kunne bli sikkerhetsklarerert til nivå hemmeleg, jamfør forskrift om sikkerhetsklarering, fordi rapportgrunnlag kan vere underlagt sikkerhetslova og vere begrensa eller hemmeleg
Det er ein fordel viss du:
- kan førevise vandelsattest
- har gjennomført førstegongsteneste (eller tilsvarande)
- har erfaring frå militær- og/eller beredskapsrelatert øvelse- og treningsarbeid
- har gjennomført militær utdanning eller teneste utover førstegongsteneste
- har grunnleggande kjennskap til databasar, statistikk, og/eller bibliografi
- har god kjennskap til spill og simuleringar
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeld følgande:
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikke tidlegare ha vore tilsett i en åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Ei kort prosjektskisse (maks 3 sider inkl. referanse) relevant for beskrive prosjektet
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar (maks 3)
- Stadfesting frå ph.d rettleiar
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- Karakterutskrift og vitnemål (all høgare utdanning)
- Bekreftelse på gjennomført førstegongsteneste eller liknande (dersom du har gjennomført dette)
- Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka.
- Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden.
- Relevante attestar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4657b0d-ce74-4efc-989b-2d0429133bd7
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275343
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen