Bli lærling i IT-drift eller Service og administrasjonsfaget!
Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Læreplass IT-drift eller Service og administrasjonsfaget
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Bjørnafjorden er nabokommune til Bergen og ein kommune i vekst. Vi har om lag 26 000 innbyggjarar og 2000 tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår "Det gode liv for alle". Som lærling vil du bidra med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
HR-avdelinga i kommunen har ansvar for IT, personal, lønn og organisasjonsutvikling og det er her dei utlyste læreplassane er plassert.
Vi tilbyr læreplasser i:
Hos oss får du:
✅ Grundig opplæring og tett oppfølging. Sjå lenke til intervju med andre lærlingar: https://youtu.be/AB5oLMiawVQ
✅ Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø i moderne kontorlokalar i Bjørnafjorden rådhus
✅ Gode pensjons- og forsikringsordningar. Lønn etter gjeldande avtale for lærling i kommunal sektor
✅ Eigne samlingar for lærlingar i kommunen
✅ Erfaring som gir deg eit solid grunnlag for videre jobb eller studiar
✅ 2 min å gå til næraste busstopp, med hyppige avgangar til Lagunen (21 min) og Bergen busstasjon (38 min)
Kven er du?
- Du er motivert for å bli ein god fagarbeidar innanfor faget ditt
- Har gode datakunnskapar og lyst å læra meir
- Likar å yte service og er flink til å samarbeide
- Du er punktleg og påliteleg
- Har fullført VG2 Informasjonsteknologi eller VG2 Service, sikkerhet og administrasjon
Vi legg vekt på dine samarbeidsevner og at du er motivert for å lære og utvikle deg i tida som lærling hos oss.
- Læretida er normalt 2 år
- Du søker ved å sende kort søknad og CV. Legg gjerne ved bilde og karakterutskrift. Skriv i søknaden kva for læreplass du søker.
- Hvis du er ein aktuell kandidat, treng vi å snakke med referanseperson. Avtal gjerne kven som kan vere referanse for deg.
- Søknadsfristen er 1. mars. Oppstartsdato etter avtale.
- Det er berre kandidatar med rett til vidaregåande opplæring som vil bli vurdert
- Alle som søker vil bli vurdert fortløpande
- Har du spørsmål, send gjerne e-post til kontaktpersonane som er oppført i annonsen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Verdiane våre i Bjørnafjorden kommune
- Vi lyttar med respekt
- Vi finn smarte løysingar
- Vi gjer det vi seier
- Vi er inkluderande
Informasjon om offentleg søkjarliste:
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fe1e339e-3744-41cb-9233-9a0e7da81bdd
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3576749_195983_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
IDI - IKT Service, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen