Hopp til innhold

Solund kommune søkjer fastlege/kommuneoverlege

Arbeidsgiver

Solund kommune Helse og omsorg

Sted

Hardbakke, 6924 Hardbakke

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 1. oktober

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med m.a. helsesenter, skule, barnehage og butikksenter. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund har til saman ei 100% kommunal legestilling. Me lyser no ut ein fastlegestilling på 33,34 % og ein fastlege/kommuneoverlegestilling på 40% (fordeling ca. 33%/7%).

Solund kommune har rullerande «nordsjø» turnus for legane knytt til Solund legekontor. Me søkjer etter legar kan jobbe 33,34 % med arbeid i turnus 2 veker på og 4 veker av.  

Kommunen har eigen legevakt. I vaktveke har du ansvar for legekontoret på dagtid og legevakt på kveld/natt/helg. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er fredelege. Me nyttar vaktklasse 1 og takst 15.

Solund kommune sine helsetenester er knytt til legevaktsentralen i Førde. Solund kommune har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgns bemanna ambulansebil. På vakt har vi god støtte i ambulansetenesta. Lokalsjukehuset er Førde sentralsjukehus, og spesialistressursar i Bergen nyttast i stor grad. Kommunen har si eiga KAD seng knytt til institusjonstenesta i kommunen.

Solund kommune har eit vel utstyrt legekontor som er samlokalisert med helsesjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog og sjukeheim i kommunesenteret Hardbakke. Legekontoret har tilsett sjukepleiar og hjelpepleiar/sekretær.

Arbeidsoppgåver:

  • Fastlegekontor på dagtid på kvardagar
  • Legevakt, kveld/natt/helg
  • Tilsynslege institusjon

Kommuneoverlege stillinga vil i tillegg inneha fleire ansvarsområde:

  • Medisinsk fagleg rådgjevar for kommunen
  • Medisinsk fagleg ansvar for legevakt
  • Fagleg ansvarleg for legekontor

Solund kommune har avtale om interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin
  • Fordel med akuttmedisinsk erfaring og legevaktsarbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B

Språk:

  • Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk
  • Solund kommune tilbyr:

    • Ei spanande stilling i eit godt fagleg og sosialt miljø
    • Variert, tverrfagleg samarbeid
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Løn etter avtale
    • Bustad i vaktveker
    • Reisegodtgjersle til og frå vaktveker

    I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart.

    Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

    Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

    Kommunelege 1                             Leif M. Skjærstad 57786281

    Helse og omsorgsleiar                Marit A. Nesse 41291139

    Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Leif Martin Skjærstad

    +47 57 78 62 81

    leif.skjaerstad@solund.kommune.no

    Om bedriften

    Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    fdadeb9a-e268-4ea9-8b79-d7a10231faa3

    Sist endret

    1. september 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3658207_140887_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser