Vil du vere med og forme helsetenestene i Solund?
Solund kommune Helse og omsorg
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i 100% fast stilling som assisterande leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, lørdag og søndag
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste. Du vil vere ei støtte for leiar og bidra til effektiv drift og høg kvalitet i tenestene – rett og slett vere «høgre handa» til leiaren.
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som er interessert i ansvar og leiing. Du vil gå i turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ei kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene.
Arbeidsoppgåver:- Støtte leiar: Bidra til at tenestene vert drivne effektivt og profesjonelt, og vere til stades ved leiars fråvær.
- Kulturbygging: Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv, profesjonell kultur.
- Planlegging og struktur: Hjelpe til med vaktplanlegging, handtering av sjukefråvær og sikre trygge og føreseielege rammer.
- Fagleg ansvar: Vere ein trygg og oppdatert sjukepleiar som sikrar fagleg forsvarleg drift.
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Gode kommunikasjonsevner
- Gjerne leiarerfaring eller leiarutdanning men det er ikkje eit krav
- Evne til å takle omstilling og hektiske periodar
• Sterkt tverrfagleg miljø
• Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr. 27 000,- per år.
• Hjelp til å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle
• Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
• Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat
• Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.
• I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
Kvifor velje Solund?Dette er stillinga for deg som ønskjer å jobbe i eit lite samfunn med ein mindre institusjon. Som sjukepleiar i Solund kommune får du tid til å bli godt kjent med brukarane. Arbeidskvardagen kan vere travel, men i Solund får du tid til å gjere ein god jobb – og i den siste medarbeidarundersøkinga svarte sjukepleiarane at dei i større grad enn landssnittet opplever å kunne hjelpe brukarane sine.
I tillegg kan du søkje om å få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt etter eitt år i Solund. Les meir om ordninga.
På fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om vi er ein liten kommune, har vi mykje å by på.
Praktisk informasjon:Ved tilsetjing må du leggje fram politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) og utfylt MRSA-skjema. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom du ønskjer unntak frå offentleggjering, må det grunngjevast. Du vil i så fall bli kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Høyrest dette spennande ut? Då håpar vi du søkjer! Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Ingelin – leiar for sjukeheim og heimetenester. Ho gler seg til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a43be4e-6ea5-40d8-a96d-a50a7314ac18
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660745_140887_nn