Vernepleiar
Fast 100% stilling som vernepleiar ved Hamretunet
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Drøymer du om ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell kvar dag? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – søker no ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar. Stillinga er også open for søkjarar med annan relevant høgskuleutdanning.
Hos oss blir du ein nøkkelperson i eit triveleg og kompetent team som skaper trygge, gode og meiningsfulle dagar for brukarar med nedsett funksjonsevne. Vi jobbar i årsturnus, der du kan påverke eigen arbeidstid og ønske deg langvakter. Her får du bruke fagkompetansen din aktivt, bidra til utvikling av tenestene, og vere med på å skape meistring og trivsel kvar dag.
Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Skape eit trygt, inkluderande og godt miljø tilpassa kvar enkelt brukar.
- Legge til rette for læring, meistring og sjølvstende hos kvar brukar.
- Delta aktivt i miljøarbeid, pleie og rettleiing, og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar eller sjukepleiar, eller annan relevant høgskuleutdanning
- Trivst med å arbeide i team og samarbeide tett med kollegaer
- Løysingsorientert, fleksibel og positiv til endringar
- Politiattest av nyare dato
- God skriftleg og munnleg norskframstilling
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er motiverte, fagleg engasjert og sjølvstendig – og som trivst med å arbeide tett på menneske. Du er til stades, engasjert og aktiv, og bruker faget ditt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane.Serviceinnstilling, personleg eignaheit og evne til å bygge gode relasjonar til både brukarar og kollegaer er avgjerande. Du tør å ta ansvar, er løysingsorientert og bidrar til utvikling både fagleg og menneskeleg – kvar dag.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5050723219
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fcc8ab64-367e-42ba-8443-5fbb2f91b0c4
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5920db7751c04cf9830f840738716b01
Lignende annonser
Arbeidsgiver
100% vikariat som vernepleiar, Hamretunet, Open omsorg
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
Sjukepleiar - 100% vikariat - Svelgen omsorgssenter frå snarast og til 31.08.26
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
Sjukepleiar - 100% faste stillingar - Heimesjukepleien Svelgen/Davik
Sted
Svelgen