Lege med hyperbarmedisinsk kompetanse/assisterande fylkeslege
Statsforvalteren i Rogaland
Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Lege med hyperbarmedisinsk kompetanse/assisterande fylkeslege
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Om stillinga
Statsforvaltaren si helse-, sosial- og barnevernsavdeling lyser ut ei fast fulltidsstilling som assisterande fylkeslege med dykkemedisinsk kompetanse for å forvalta felles regelverk der Petroleumstilsynet er koordinerande myndigheit. Kontorstad er Statens hus i Stavanger.
Statsforvaltaren i Rogaland har landsdekkande oppgåver knytt til petroleumsnæringa. Dette inkluderer tilsyn med helsetenestene og helseberedskapen offshore, saksbehandling, rettleiing og anna. Stillinga er ein del av petroleumsteamet i avdelinga. Me jobbar på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet, Statens helsetilsyn og Mattilsynet. Me har tett samarbeid med Petroleumstilsynet og gjev fagleg bistand i saker innan deira ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver
Som tilsynsmyndigheit har Statsforvaltaren i Rogaland mellom anna ansvar for å undersøka om den helsemessige beredskapen ved bemanna undervassoperasjonar i petroleumsverksemda er ivaretatt. Du får hovudansvaret for å følga opp desse forvaltingsoppgåvene på dykkarområdet, og blir fagleg rådgjevar/saksbehandlar i saker som gjeld bemanna undervassoperasjonar. Du er også medisinskfagleg rådgjevar/saksbehandlar for andre sakar innan petroleumsfeltet.
Du representerer styresmaktene på saksområdet i faglege spørsmål. Etatane deltar i fagfora om dykking, i utvikling av regelverk og standardar, og gir rettleiing om gjeldande regelverk til industrien. Dette kan bety samarbeid med myndigheiter i andre land og deltaking i nasjonale og internasjonale fagfora om dykking, dykkemedisin og forsking.
Som ein del av den hyperbarmedisinske ressursen vår, skal du bidra med medisinskfagleg kompetanse. Dette kan inkludera arbeidsoppgåver offshore som krev grunnleggande tryggleikskurs og helseerklæring.
Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
- har medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
- har minimum 5 års yrkeserfaring som lege
- har hyperbarmedisinsk kompetanse
- har erfaring frå petroleumsindustrien, fortrinnsvis i form av arbeid med bemanna undervassoperasjonar
- uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg på bokmål, nynorsk og engelsk
Du fyller helsekrav for arbeid offshore, godkjent helseattest må leggas fram før tilsetjing. Du har eller er villig til å ta nødvendige tryggleikskurs for å kunne reise offshore.Det er ein fordel å vera godkjent dykkarlege.
Andre med særleg relevant kompetanse, slik som godkjent spesialitet i arbeidsmedisin eller anestesiologi, kan søke.
Erfaring frå offentleg forvalting og/eller forskingserfaring kan telja positivt.
Personlege eigenskapar
- du er analytisk, har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- lønn som assisterande fylkeslege, kr 840 000 - 1 000 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan me vurdere høgare lønn
- brei kontakt med ulike aktørar og fagmiljø, både nasjonalt og internasjonalt
- gode høve til vidare kompetanseoppbygging og utviklingsmoglegheiter
- samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidarar i avdelinga og i embetet
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk.
- god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna).
- HjemJobbHjem-ordning.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Spørsmål om stillinga
Du får nærare opplysningar hos ass. direktør Marit Bergeland, tlf. 51 56 87 79, e-post: marit.bergeland@statsforvalteren.no eller fylkeslege Andres Neset, andres.neset@statsforvalteren.no.
Om bedriften
Om Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2358036
- Sist endret
18. juni 2023
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10159242