Hopp til innhold

Helgestilling i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling i Heimetenesta mars 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig helgestilling frå mai 2026. Stillinga er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.


Arbeidsoppgåver

  • Omsorg til menneske i deira eigen heim 
  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) 
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler. 
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand 
  • Samarbeid med pårørande 
  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar 

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer 
  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen. 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Krav om førarkort klasse B
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. 

Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing. 


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Kontaktperson for stillingen

Linda Tepstad

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4796625204

linda.tepstad@osteroy.kommune.no

Om bedriften

I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid.  Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.

Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fc780be1-3c19-43d3-882f-43756f63dcd1

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284962

Lignende annonser