Vil du vera med å gjera ein forskjell kvar einaste dag?
Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
Østbøvegen 9, 5585 Sandeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar eller andre med anna relevant 3 åreg høgskule
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. april
Me søkjer vernepleiar, eller annan søkjar med treårig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, til eit 100% vikariat i perioden 01.07.2026-11.03.2027.
Dette er ei moglegheit for deg som ynskjer å arbeida målretta og fagleg med menneske og som vil vera med å skapa trygge, meningsfulle ot utviklande kvardagar for andre.
Om einingaEining tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova. Me tilbyr mellom anna:
- Bistand i heim og bufellesskap med heildøgnstenester
- Avlastning
- Støttekontak
- Dagtilbod ved Gnisten arbeid- og aktivitetssenter
- Kjøp av BPA
Einings består av tre avdelingar, der to er heildøgnsbemanna bufellesskap. I tillegg yter me miljøarbeid og praktisk bistand til personar som bur i eigne heimar utanfor bufellesskapa.
Me arbeidar målretta med miljøarbeid, og tenesterne våre er individuelt tilpassa - både personleg, sosialt og fysisk. Målet er å fremje personleg vekst, eigenmestring og deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Om arbeidsplassen- Sandeid bufellesskapStillinga er knytt til Sandeid bufellesskap, eit heildøgnsbemanna bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming. Avdelinga har nyrenoverte lokale og ligg sentralt i Sandeid.
Hos oss får du arbeida i eit fagmiljø som er oppteke av:- Brukarmedverknad
- PAS, Positiv atferds støtte
- Kvalitet i tenestene
- Kompetanse og fagleg utvikling
Arbeidet går i turnus, med langvakter kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver- Bistand og oppfølging av menneske med utviklingshemming og ulike funksjonsvariasjonar
- Medikamenthandtering
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Utarbeiding og oppdatering av tiltaksplanar
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Fortrinnsvis vernepleiar
- Andre med treårig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan òg søkje
- Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming og utfordrandre åtferd er ynskjeleg
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Førarkort klasse B
Me søkjer deg som:
- er engasjert og framoverlent
- arbeider målretta for å finne gode tiltak og løysingar
- har gode samarbeidsevner
- både kan ta imot og gje rettleiing
- har evne til fagleg refleksjon
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me kan tilby- Variert arbeid i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- God opplæring og tett samarbeid i personalgruppa
- Rabatt på treningssenter
- Gratis parkering
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (2% pensjonsinnskot vert trekt frå løn)
- Løn etter gjeldande tariff og avtalverk
- Det er krav om godkjent politiattest før tilsetjing
- Egenerklæring for MRSA og tuberkulinstatus må fyllast ut før tiltreding
Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader via søknadssenteret sitt.
Vitnemål og attestar kan lastast opp som vedlegg. Dersom du ikkje har dokumenta elektronisk, må dei takast med til intervju.
Har du behov for hjelp til å søkje, kan dukontakte servicetorget på telefon 53 65 65 65.
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt med deg før eventuell offentleggjering.
Vil du vera med å gjera ein forskjell i kvardagen til andre og samstundes utvikle deg fagleg?
Me ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fbd92a43-e6f6-4227-b8dd-b2fe11fa6500
- Sist endret
19. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3605989_230985_nn