Lærar Eidet skule
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar Eidet skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og leie elevane si læring
- Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
- Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
- Samarbeide godt med andre faginstansar
- Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
- Kontaktlæraroppgåve kan verte aktuelt
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
- Kompetanse for å undervise i matematikk og naturfag på ungdomstrinnet er ønskjeleg, samt kunne undervise i fleire fag.
- Erfaring med arbeid som kontaktlærar tel positivt
- Ha gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
- God digital kompetanse
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
- er god på å byggje relasjonar
- likar å samarbeide tett med kollegaer
- er strukturert og løysingsorientert
- er raus og inkluderande
- er god på å samarbeide med føresette og elevar
- er ein lagspelar som deler eigen kompetanse
- har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
- Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- God pensjonsordning gjennom SPK
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andré.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5139004152
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb7d7714-86d9-4ea6-bbb4-dcbb302a9530
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f0fbebd7671f44d5ad700c49af53250b