Hopp til innhold

Driftsteknikar vikariat

Arbeidsgiver

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Sted

Vestrheim, Kaupanger, 6854 Kaupanger

Om jobben

Stillingstittel
Driftsteknikar Sogn
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Ansvarsområde for stillinga

Som driftsteknikar vil du få ansvar for drift av ikkje-museale bygg- og uteområder ved De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum. 

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste musea i landet, og ligg på Vestrheim i Sogndal kommune.  Publikumstilbodet der omfattar utstillingar, arrangement, naturhistoriske formidlingsløyper og omvisingar. I hovudbygget har vi museumsbutikk og kafe. 

Sogn Fjordmuseum ligg ved Amlabukti (Kaupanger) i Sogndal kommune, og høyrer til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Der formidlar vi fjordkulturen, og har ei flott samling gamle båtar og maritime gjenstandar frå Sogn.

 


Om stillinga

Som driftsteknikar vil du i hovudsak ha ansvar for driftsoppgåver på museumsarena De Heibergske samlingar - Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum. Dagleg arbeidsstad vil vere ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Vestrheim.

Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere:

  • Teknisk drift av driftsbygg og anlegg (internkontroll for: brann, nødlys og elektro, service VVS, lås- og adgongssystem,  belysning, heis, energioppfølging)
  • Bruk av SD anlegg og FDV program (LAFT), herunder tilstandskartlegging bygg.
  • Følge opp eksterne leverandører og leveranser på arena knytta til drift.
  • Innvendig og utvendig vedlikehald av driftsbygg og anlegg
  • Vedlikehald av uteområde (eks. snørydding, strøing, gressklipping, kantklipping, ryddesaging, trefelling, gjerder/grinder o.l.)
  • Bidra med praktisk arbeid knytta til utstilling og arrangement
  • Andre oppgåver som naturleg vil felle innunder ansvarsområde som driftsteknikar

Stillinga er plassert i avdeling "Økonomi, administrasjon og drift", som har ansvar for stabs- og støttetjenestar i MiSF. Som driftsteknikar vil du difor også kunne bidra til å løyse oppgåver i MiSF innanfor avdelinga sitt ansvarsområde. Du vil tilhøyre driftsseksjonen med fagkollegaer på andre museum, samt ha eit tverrfagleg kollegium på dagleg arbeidsstad ved DHS-Sogn Folkemuseum. 

Stillinga vil medføre noko reising mellom fysiske anlegg. Varierte arbeidsforhold med både inne- og utearbeid. Også noko varierande mtp sesong. 


Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • førarkort klasse B og T
  • fagbrev og/eller tilsvarande arbeidserfaring (elektro, rør, tømrar, byggdriftar e.l.)
  • kjennskap til SD-anlegg og FDV program
  • vaktmeister-erfaring inne og ute
  • gode datakunnskaper

Det er ønskeleg, men ikkje nødvendig med:

  • Erfaring med med bruk av SD anlegg og FDV program
  • Førerkort klasse B96 /BE

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • gjer deg nytte av fagleg ekspertise på ditt fagfelt, og deltek i fagleg utviklingsarbeid
  • handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner 
  • Trivast med fysisk arbeid
  • Har teknisk interesse og gjerne erfaring med drift, vedlikehald eller eit handverksfag
  • arbeider metodisk og systematisk
  • gjer klare prioriteringar og gode ressursfordelingar
  • er fleksibel, løysingsorienter, ryddig og praktisk anlagt

Generell informasjon

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av med høg kompetanse og stort engasjement. 

MiSF tilbyr fleksible arbeidstidsordningar,  og offentleg tenestepensjon via KLP. 

Stillinga som driftsteknikar blir løna etter avtale, og har stillingskode 1136 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).

Søknadsfrist 04.09.2026

Vi har behov for nokon som kan starte snarleg. Varigheit på vikariat er frå snarleg oppstart og fram til 30.06.2027, med moglegheit for forlenging. 

 

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".

VI tek kun imot søknader via lenka i denne annonsa og ikkje på e-post eller brev-form. 


Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Steven Johnsen, Driftssjef på tlf. 47 17 87 67. 

Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.


Kontaktperson for stillingen

Steven Johnsen

Seksjonssjef Drift

+47 47 17 87 67

stejoh@misf.no

Om bedriften

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er eit konsolidert museum med visjon om å vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv. Den konsoliderte eininga består av 10 museumsanlegg i gamle Sogn og Fjordane. 

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum er med i den konsoliderte eininga. 



Stiftinga har omlag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på denne lenkja.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fb5a919b-a217-477e-96e2-7d687ba39cde

Sist endret

20. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306370

Lignende annonser

Laster lignende annonser