2 stillingar som landbruksvikar
Landbrukstenester Sogn SA
Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland, Lærdal
Om jobben
2 stillingar: LANDBRUKSVIKAR i Vik i Sogn og Balestrand. LANDBRUKSVIKAR i Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal. Landbrukstenester Sogn skal sikre at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar.
- Oppstart
- 2. november 2026
- Stillingstittel
- Jordbruksavløser husdyrproduksjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. oktober
Alternativt kan du sende søknad via e-post til aud.fossoy@n-lt.no
Hva vi ser etter
-
Bonden treng flinke folk for å sikre god matproduksjon. Gardbrukarane treng ekstra personale for ta ut rettane dei har i velferdsordningane i landbruket - fritid, vikar i fjøset ved sjukdom og fødsel mv.
-
Ein landbruksvikar må vere ansvarsbevisst, påliteleg og arbeide sjølvstendig.
-
Du må kunne styre moderne fjøssystem, handtere ulike maskiner og køyre traktor.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene dine blir stell og pass av husdyra på garden når bonden ikkje greier det sjølv eller treng ferie og fritid. Du kan få nye oppdrag på relativt kort varsel viss bonden blir akutt sjuk eller anne krise på garden.
-
Dersom du likar praktisk arbeid, stell og pass av dyr, mekking og skruing, då er du rett person for oss.
-
Drifta på det enkelte gardsbruk varierer og det trengst evner til god kommunikasjon og gjennomføring av rutinar i følgje opplæring.
-
Du får nye oppdrag kvar veke, men kan også få lengre oppdrag på same gardsbruket.
-
Administrasjonen tildeler deg oppdrag i følgje bestillingar frå bøndene.
Vi tilbyr
-
Me tilbyr ein jobb der du får bruke alt du har lært om husdyrhald og gardsdrift. Det er variasajon i arbeidsoppgåvene alt etter årstida og du har difor arbeid både inne i fjøset og ute på garden eller beiterydding.
-
Du kjem i eit kollegium med fem landbruksvikarar.
-
Har du ønskje om ein redusert og fleksibel stilling kan det avtalast.
-
Firmabil.
-
Me tilbyr aktuelle kurs og faglege samlingar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Landbrukstenester Sogn er i fin vekst og har ein stab av velkvalifiserte avløysarar. Me har ungdomar og andre som blir rekruttert inn i bedrifta. Dei syner interesse og iver for å arbeide i landbruket.
Det er viktig for oss at bonden skal få den arbeidshjelpa hen treng til rett tid. Og det breie kontaktnettet vårt gjer at me oftast greier å løyse alle oppdrag.
Me legg vekt på at alle tilsette skal ha ein god arbeidskvardag med meiningsfylte oppgåver samt fri og ferie etter gjeldande reglar.
Mange av våre tilsette brukar elektronisk rapportering av timar gjennom Webtemp som blir lettvint for alle partar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5df7ed3-cfb7-403b-bc37-b6868521b892
- Sist endret
9. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d5df7ed3-cfb7-403b-bc37-b6868521b892