Landbruksvikar husdyrhald
Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester Sa
Askvoll, Fjaler, Gulen, Masfjorden
Om jobben
Landbruksvikaren har eit variert og sjølvstendig yrke. Stillinga dekker eit stort geografisk område og du vert kjend på gardar med ulike dyrehald og driftsmåtar. Landbruksvikaren er beredskapen som rykker ut når bonden vert sjuk eller ramma av ulykke, men trer og inn ved ferieavvikling.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Landbruksvikar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50% - 99%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. oktober
Hva vi ser etter
-
Du er agronomutdanna eller har erfaring frå husdyr-/mjølkeproduksjon
-
Du er god til å kommunisere med ulike typar menneske
-
Du er fleksibel, sjølvstendig, ansvarleg og påliteleg
-
Du trivast med fysisk og variert arbeid
-
Du er løysingsorientert og god til å handtere uventa hendingar
-
Du har førarkort for bil og traktor
Arbeidsoppgaver
Landbruksvikaren går inn i bondens rolle på ulike gardsbruk og tek ansvar for bruket. Du må vere ansvarsbevisst og kunne jobbe sjølvstendig. Samtidig er du god på kommunikasjon, både for å ta i mot instruks og for å kunne informere tilbake.
Fjøsstell foregår både i bås- og robotfjøs. Ein vanleg arbeidsdag er delt i to, der du jobbar morgon og kveld med å fore, mjølke og stelle dyr og fjøs.
Du er roleg med dyr, kan handtere kalving og identifisere sjukdom. Du er fleksibel, kan litt av det meste og likar avveksling.
Vi tilbyr
-
Lønn etter kvalifikasjon og erfaring
-
pensjons- og forsikringsordningar
-
varierte arbeidsoppgåver
-
kurs / sosiale tilstellingar for landbruksvikar / avløysar
-
eit eldorado for ulike formar for friluftsliv
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester (YSSL) administrerar landbruksvikar- og avløysartenestene i kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Masfjorden og Høyanger sør. Det er eit samvirkelag eigd av bøndene i kommunane.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
211a5740-556d-424c-99e1-da7bb69b88a1
- Sist endret
6. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
211a5740-556d-424c-99e1-da7bb69b88a1