Hopp til innhold

Vil du vera med å gjera ein forskjell? Bli med på laget!

Arbeidsgiver

Osterøy kommune

Sted

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Om stillinga

Me har ledig to faste 100% stillingar som helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad frå 01.12.26 og 01.01.27 eller etter avtale. Det er også ledig helsefagarbeidarstilling kvar 4. helg på 24,30% med langvakter på 14. timar laurdag og sundag, kortvakt fredag frå 01.12.2027 eller etter avtale.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.

Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.

Intervju vil bli gjennomført fredag 23.10.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
  • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
  • Legemiddelhandtering
  • Primærkontaktansvar
  • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsvillkår
  • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling

Kven er du?

  • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du er engasjert og likar å samarbeida med andre
  • Du har stå på vilje med glimt i augo
  • Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Du har digital forståing

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

Om bedriften

I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.

Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5f6a0b72-0018-408e-9322-42440e41a71b

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

477037804

Lignende annonser

Laster lignende annonser