Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester
Statens vegvesen
Langemyra 5A, 6160 Hovdebygda, Malakoff 2A, 6770 Nordfjordeid, Sanderplassen 6, 6813 Førde, Stedjevegen 41, 6856 Sogndal, Vabakkjen 7,, 5411 Stord, Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontorsjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. november
Om stillinga
Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet.
Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen.
Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester.
Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt og vil bidra til nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken.
Du skal:- leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- planleggje og prioritere bemanning, kapasitet og oppgåver for å sikre effektive tenester med god kvalitet
- følgje opp HMS og medarbeidarar, og samarbeide godt med tillitsvalde og vernetenesta
- leie endrings- og forbetringsarbeid og fremje digitalisering, standardisering og effektiv ressursbruk
- bidra aktivt i leiargruppa og styrke samarbeidet på tvers av lokasjonar og fagmiljø
Leiing i Statens vegvesen
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
- Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
- Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
- Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Omfattande og relevant erfaring frå aktuelle fagområde kan kompensere for manglande formell utdanning
- dokumentert leiarerfaring med personalansvar
- god digital kompetanse og evne til å bruke styringsinformasjon i oppfølging og prioritering
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B
Vi legg vekt på at du er motivert for leiarrolla og har god forståing for samfunnsoppdraget vårt.
Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing av dokumentasjonen og godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).
Det er ein fordel om du har:- leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
- erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til relevant regelverk
Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.
Personlege eigenskaparDu er ein tydeleg, trygg og samlande leiar. Du kommuniserer ope, skaper tillit og motiverer medarbeidarane. Samtidig byggjer du gode relasjonar på tvers av fagmiljø og lokasjonar.
Du arbeider strukturert, tek avgjerder og følgjer dei opp. I ein kompleks arbeidskvardag klarer du å prioritere og balansere omsynet til medarbeidarar, kundar, kvalitet og resultat.
Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
BakgrunnssjekkVi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.
Me jobbar kvar dag for at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aefac637-159d-4025-8fa7-af7da274eddd
- Sist endret
13. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10312289