Hopp til innhold

Infrastrukturarkitekt sky

Arbeidsgiver

Skytenester,  Helse Vest IKT

Sted

Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Infrastrukturarkitekt sky
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Vil du arbeide med oppgåver som betyr noko? I Helse Vest IKT bygger vi dei digitale plattformene som gjer helsepersonell i stand til å bruke meir tid på pasientane og mindre på system.

No søker vi ein erfaren og engasjert infrastrukturarkitekt som vil vere sentral i utvikling og forvaltning av vår skyinfrastruktur. Du vil vere ein del av seksjonen Skytenester og vårt Cloud Platform Operation Team (CPO). Vi sørger for at infrastruktur i allmennsky er tilrettelagt og i drift for dei ulike miljøa i Helse Vest, som omfattar både utvikling, produksjon og forsking.
Hos oss får du jobbe i eit sterkt fagmiljø der du får påverke retninga, på alt frå hybride løysingar til automasjon, sikkerheit og governance. Som del av seksjonen vil du samarbeide tett med vårt Cloud Center of Excellence (CCoE).  Plattformteam for Power Plattform, Fabric, KI og M365 inngår også i seksjonen for skytenester. 

Arbeidsstad er Bergen eller Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Designe og drifte teknisk infrastruktur i allmennsky.
  • Delta i arbeid med å ha ein god hybrid infrastruktur.
  • Samarbeide med CCoE og hjelpe til med både forvaltning, sikkerheit og inntaksprosess (WLI).
  • Delta som teknisk rådgivar i anskaffingar og utvikling av nye løysingar.
  • Vidareutvikle og forbetre CPO-leveransar og tilknytte plattformer.
  • Samarbeid med utviklingsteam (CPE) og drift for optimal løysning.
  • Kostnadsstyring og optimalisering av skyforbruk.
  • Automatisering med Infrastructure as Code (IaC).
  • Sikre skalerbarheit, tilgjengelegheit og sikkerheit i skyinfrastrukturen.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan IT, teknologi eller tilsvarande erfaring.
  • Minst 5 års erfaring med skyplattformer (Azure, AWS eller GCP) i større miljø.
  • Erfaring med verktøy som Terraform, Bicep, ARM eller CloudFormation.
  • God forståing for nettverk, sikkerheit og identitetshandtering i sky.
  • Erfaring med DevOps, GitHub og CI/CD-prosesser er eit krav.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert og løysningsorientert
  • evner å sjå heilskap og tenke strategisk
  • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege team
  • er nysgjerrig på ny teknologi og kontinuerleg læring
  • tar initiativ og ansvar for eigne leveransar
  • er god til å dokumentere

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
  • Aktuelle kandidater må pårekne bakgrunnssjekk som ein del av rekrutteringsprosessen

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Peter Galambos, Seksjonsleiar, +47 46896195

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5019992845
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2025

Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fb550649-d337-4dac-a989-2d160f27c887

Sist endret

11. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

09c746547c0a4edbbd41912aada04eaf

Lignende annonser

Laster lignende annonser