Hopp til innhold

Rådgjevar i Region Fjordane

Arbeidsgiver

Stad kommune

Sted

6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar i Region Fjordane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 24. august

Region Fjordane er det interkommunale politiske rådet for 11 kommunar i Fjordane. Gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene arbeider vi for å styrkje utviklingskrafta i regionen og skape resultat i saker som er viktige for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Stad kommune er vertskommune for sekretariatet.

Vi søkjer ein ny kollega i ei 100 prosent fast stilling innan kommunikasjon og prosjektoppfølging. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk kommunikasjon med praktisk prosjektarbeid, og som motiverast av å skape resultat gjennom samarbeid.

Du vil arbeide tett med kommunane, politisk og administrativ leiing og ei rekkje regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen vil vere variert, med oppgåver som spenner frå kommunikasjon og formidling til prosjektutvikling, koordinering og oppfølging av politiske prosessar.

Vi ser etter ein initiativrik og samfunnsengasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle Fjordane som ein attraktiv bu-, arbeids- og verdiskapingsregion. Hos oss får du stor påverknad, breitt ansvar og høve til å arbeide med nokre av dei viktigaste utviklingssakene i regionen.

Les meir om Region Fjordane her: http://regionfjordane.no


Arbeidsoppgåver

Du blir ein del av eit lite sekretariat med store ambisjonar. Vi er opptekne av å levere kvalitet, skape framdrift og oppnå resultat. Når nye utfordringar oppstår, snur vi oss raskt rundt og finn løysingar. Mykje av arbeidet handlar om å byggje relasjonar, skape tillit og få menneske og organisasjonar til å samarbeide om felles mål. Difor ser vi etter ein person som trivst med ansvar, tek initiativ og ønskjer å utgjere ein forskjell.

  • prosjektleiing og prosjektoppfølging
  • kommunikasjons- og informasjonsarbeid
  • planlegging og gjennomføring av møte og arrangement
  • saksførebuing og utarbeiding av politiske dokument
  • oppfølging av regionale utviklingsprosjekt
  • samarbeid med kommunar, næringsliv og offentlege aktørar
  • utvikling av nettsider, sosiale medium og anna digital kommunikasjon

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan kommunikasjon, samfunnsvitskap, administrasjon, prosjektleiing eller tilsvarande
  • erfaring med prosjektleiing, prosjektoppfølging eller utviklingsarbeid
  • erfaring med kommunikasjons- og informasjonsarbeid
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
  • god digital kompetanse og erfaring med relevante publiserings- og samhandlingsverktøy
  • erfaring frå offentleg forvaltning og politiske prosessar er ein fordel
  • erfaring med planlegging og gjennomføring av møte, konferansar eller arrangement er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast og lukkast hos oss dersom du:

  • tek initiativ og likar å omsetje idear til handling
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo
  • har gode samarbeidsevner og evnar å byggje tillit og skape gode relasjonar
  • er løysingsorientert og ser moglegheiter framfor hindringar
  • kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt felles mål
  • trivst i eit lite team der alle tek ansvar og bidreg til fellesskapet
  • har eit engasjement for samfunnsutvikling og ønskjer å skape resultat til beste for regionen

Vi tilbyr

  • ei spennande og meiningsfull stilling i skjeringspunktet mellom kommunikasjon, samfunnsutvikling og politiske prosessar
  • høve til å arbeide med viktige regionale utviklingsprosjekt som skaper verdi for kommunane og heile region Fjordane
  • eit lite, kompetent og handlekraftig team med stort engasjement, høg gjennomføringsevne og fokus på resultat
  • ein variert arbeidskvardag med stor grad av ansvar, tillit og moglegheit til å påverke
  • eit breitt fagleg nettverk og tett samarbeid med kommunar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Stad kommune

Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

Stad kommune har 6 månader prøvetid. 

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grundig grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Hatlenes, Rådgjevar i Region Fjordane, 410 450 26, elisabeth.hatlenes@regionfjordane.no

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5152523465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Hatlenes

Rådgjevar i Region Fjordane

410 450 26

elisabeth.hatlenes@regionfjordane.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fada8e9e-c6b7-4e89-a2d8-a468699b827d

Sist endret

7. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0c6c202cab8c41fc8fbbcf76e42a296d

Lignende annonser

Laster lignende annonser