Avdelingsleiar psykisk helse og rus
Meistring og psykisk helse, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar psykisk helse og rus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. oktober
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som ønskjer å vere med på å forme og vidareutvikle tenestene våre innan psykisk helse og rus.
Meistring og psykisk helse er ei ny eining i Stad kommune, etablert som ein del av ei omorganisering av tidlegare Bu- og miljøtenesta. Eininga omfattar Myroldhaug psykisk helse og rus, Psykisk helseteam og uteteam og Barneavlastninga.
Vi er opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester, der brukarmedverknad, meistring og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Som del av ei ny eining vil du få høve til å vere med og påverke utviklinga av tenestene, bidra til gode samarbeidsformer på tvers av avdelingane og vere med på å forme korleis vi skal møte framtidige behov.
Vi har no ledig ei 100 % stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteam og uteteamet. Avdelinga har ni tilsette som saman arbeider for å gi individuelt tilpassa tenester til menneske med psykiske helseutfordringar og rusrelaterte vanskar.
Som avdelingsleiar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kombinerer administrativ leiing med aktiv brukaroppfølging. Du vil få ansvar for den daglege drifta av avdelinga, samtidig som du får høve til å bruke din eigen fagkompetanse i direkte møte med brukarane.
Avdelinga har eit tett samarbeid med FACT vaksen og FACT ung, som også er ein del av Stad kommune sitt samla tenestetilbod innan psykisk helse og rus. Saman arbeider vi for å sikre samanhengande tenester, god samhandling og rett hjelp til rett tid.
Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode resultat gjennom menneske, som trivst med ansvar, og som motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga av ei ny eining og bidra til å forme framtidas tenester innan meistring og psykisk helse i Stad kommune.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere den daglege drifta i avdelinga i samarbeid med einingsleiar og leiarteamet.
- Delta i brukarretta arbeid med kartlegging, vurdering og oppfølging, med vekt på brukarmedverknad, ressursar og individuelle mål.
- Bidra til å vidareutvikle lågterskeltilbod og førebyggjande tenester innan psykisk helse og rus.
- Samhandle med aktuelle samarbeidspartnarar, på tvers av kommunale tenester og med spesialisthelsetenesta.
- Ha ansvar for turnus og arbeidsplanar, samt dagleg oppfølging og ajourhald i RS og vikarbooking.
- Ha personaloppfølging, inkludert oppfølging av sjukefråvær.
- Følgje opp internkontroll, avvik og systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid.
- Delta i økonomistyring og ha ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiar.
- Ha medansvar i rekrutteringsprosessar og bidra til god opplæring og oppfølging av nytilsette og studentar.
Kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg utdanning på høgskulenivå.
- Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar.
- Vidareutdanning innan psykisk helse og rus.
- Vidareutdanning i leiing eller ønskje om å ta dette.
- Ha god rolle-, system- og organisasjonsforståing.
- Vere oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk.
- Kunne tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap.
- Ha gode strategiske og analytiske evner.
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Er strukturert, nøyaktig og systematisk.
- Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid.
- Er sjølvstendig, løysingsorientert og endringsvillig.
- Er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet og utvikling i tenestene.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit og tryggleik.
- Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og har evne til å ta avgjerder og følgje desse opp.
- Har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar.
- Har god gjennomføringsevne og evne til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Er fleksibel og handterer utfordringar og endringar på ein konstruktiv måte.
- Har evne til å sjå heilskapen og bidra til samarbeid på tvers av fagområde og teneste.
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Godt og nært tverrfagleg samarbeid.
- Godt arbeidsmiljø.
- Høve til fagleg utvikling.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at det vert oppgjeve referansar av nyare dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Marie Bakke, Einingsleiar meistring og psykisk helse, 99265829, marie.bakke@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5182168238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e03b926-c1bf-46e9-b8f8-ba3bb0a8e61d
- Sist endret
2. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f128bb91c95b4eb8b400f8b9c8895ebb