Hopp til innhold

Undervisningsstilling i norsk som andrespråk for International Baccalaureate Diploma Programme

Arbeidsgiver

BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune

Sted

Kong Oscars gate 36, 5017 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
undervisningsstilling i norsk for International Baccalaureat
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Er du ein pedagog med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?

Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!


Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:

  • Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
  • Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
  • Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
  • Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering

    Frå 1.8.2026 har Bergen katedralskole ledig fast stilling i 30% i norsk som andrespråk for International Baccalaureate Diploma Programme.
 

Arbeidsoppgåver

Undervisning på dagtid i norsk som andrespråk for International Baccalaureate Diploma Programme

Kvalifikasjonar

Formell undervisningskompetanse i norsk for IBDP

Pedagogisk utdanning

Gyldig politiattest

Vi søkjer deg som

- har eit stort engasjement for faget og formidling

- har evna til å inspirere og motivere elevane

- er strukturert og god til å halde fristar

- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette 

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Gillian Boniface, avdelingsleiar, 45483020, gillian.mary.boniface@vlfk.no

Arbeidsstad

Kong Oscars gate 36
5017 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5104055411
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Gillian Boniface

avdelingsleiar

45483020

gillian.mary.boniface@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fabe4b71-b6ff-457a-a417-bd59c42004f0

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a11db928e4bc4ba88a252440d2381645

Lignende annonser

Laster lignende annonser