Tilkallingsvikar
Medisinsk sengepost 1, 2 og 5, Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar
- Type ansettelse
- Annet, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. mai
Avdelinga har jevnleg behov for personell på tilkalling som kan følge opp pasientar med behov for fastvakt. Det vil vere varierande grunnar til at ein pasient treng fastvakt, men dei vanlegaste årsakene er demente, urolege og vandrande pasientar, døyande pasientar og ved behov for hjelp i matsituasjonar.
Du vil jobbe i tett samarbeid med det øvrige personalet på avdelinga - og kun ha ansvar for tilsyn av ein pasient. Behovet vårt for fastvaktar vil gjelde på alle typar vakter, så det må vere av interesse å jobbe både dag, aften, natt og på helg.
Vi ser primært etter helsefagarbeidar som ønsker å jobbe ekstra som fastvakt på medisinsk avdeling Ålesund sjukehus. Anna personell med helsefagleg bakgrunn eller erfaring fra arbeid i helsesektoren vil også bli vurdert.
Aktuelle kandidater kan bli kontakta fortløpande. Startdato kan avtalast.
Ver venleg å laste opp dine attestar og vitnemål i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Har ein helsefagleg erfaring, så er det naturlig at man bidreg med stell/pleie av pasienten
- Det vil også vere enkelte pasientar ein må ha helsefagleg utdanning for å kunne være fastvakt på, men det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ved vaktinnleige
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar (også lærlinger)
- Medisinstudentar
- Pensjonert helsepersonell
- Sjukepleiarstudentar
- Dei som vurderar å begynne på helsefagleg utdanning kan også søke, men ein må vere fylt 18 år
- Bestått norsk prøve minimum nivå B2
Personlege eigenskapar
- Du bør trivast med å jobbe sjølvstendig
- Du er god til å skape tillit og relasjonar
- Du er ansvarsbevisst og etisk reflektert
- Du bør like å stå i hektiske situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er brukarorientert
- Personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, medisinsk sengepost 2, 70105792, marthe.farstad@helse-mr.noInger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, medisinsk sengepost 1, 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.no
Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, medisinsk sengepost 5, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5099306035
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 01.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fa75eead-3f88-4f48-9957-9184639bf383
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f53124b1308f42958312fe9c71096067