Hamnesjef
Giske Hamnevesen KF
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Hamnesjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Giske Hamnevesen KF er eit nyoppretta kommunalt foretak og skal ivareta den kommunale hamneforvaltninga i Giske kommune, med delegert mynde etter havne- og farvannslova.
Dei kommunale hamnene i Giske er i stor grad bygd og utrusta til fiskeriformål. Dei største anlegga finn ein i Geilevika på Godøya, Roaldshamna på Vigra og Gjøsund hamn på Vigra og Valderøya.
Gjøsund hamn skal bli ei nasjonal fiskerihamn, og har saman med Gjøsund næringspark og verksemdene rundt eit stort potensial for vidareutvikling. Her ligg ei offentleg RO-RO og pirkai som i størst grad nyttast av offshore rørleggingsfartøy, og det skal byggast ny offentleg kai i 2026 og vidare i åra som kjem. Hamnesjefen får ei sentral rolle i drift og utvikling av kaiinfrastrukturen her, og blir ein sentral medspelar i utviklinga av næringsparken.
Om stillinga:
Giske Hamnevesen søkjer ein engasjert og løysingsorientert hamnesjef, med ambisjonar for ei hamneportefølje med stort potensial for vidareutvikling. Som Giske Hamnevesen sin første hamnesjef er du dagleg leiar i føretaket og vil ha ei nøkkelrolle i å forvalte, drifte og utvikle hamnesektoren i kommunen. Du vil leie utviklings- og utbyggingsprosjekt, samtidig som du tek aktivt del i den daglege drifta på kaikanten. Overtaking av hamneforvaltninga som i dag ligg til Ålesundsregionens Havnevesen blir ei sentral oppgåve i startfasen.
Arbeidsoppgåvene i korte trekk:
- Dagleg leiing av føretaket, inkludert strategi, økonomistyring og saksbehandling.
- Fagleg og operativt ansvar for drift av hamneanlegga, med trafikk, tilsyn og bruk av områda. Dette inkluderer også overordna ansvar for sikkerheit i høve til ISPS.
- Ansvar for eigedomsdrift, vedlikehald og utbyggings- og utviklingsprosjekt.
Som dagleg leiar i eit kommunalt føretak vil du også jamleg vere i kontakt med kommunen sin administrasjon og leiing, samt driftsoperatørar og aktørar tilknytt hamneområda.
Hamnesjefen rapporterer til hamnestyret.
Noko arbeid utanfor normalarbeidstid må påreknast.
Kven er du?
Vi ser etter ein hamnesjef med solid erfaring og relevant utdanning på fagskule- eller bachelor-nivå. Gjerne innan maritime, økonomiske eller tekniske fag. Relevant erfaring har like stor verdi som formalkompetanse.
Det er viktig med innsikt i offentleg forvaltning, gjennom saksbehandling, økonomistyring og rapportering. Ein hamnesjef må kunne kommunisere tydeleg på norsk og engelsk, med fartøy og brukarar av hamnene.
Vi tilbyr ei attraktiv og fleksible leiarstilling, med stor grad av fleksibilitet og autonomi etter prinsippet om friheit under ansvar. Løn etter avtale – tilsetjing på kommunale vilkår og på vilkår som elles kjem fram av gjeldande lover og reglar, medrekna prøvetid på seks månader. God pensjonsordning i KLP.
Søkjarlista til stillinga vil vere offentleg.
Kontaktinformasjon
Kenneth Langvatn, Styreleiar, 92052891, Kenneth.Langvatn@politikar.giske.noKarl Andre Birkhol, Kommunedirektør, 94166992, Karl.Andre.Birkhol@giske.kommune.no
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5055020838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fa69dd76-6cdd-480f-a803-2a02bfb03311
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b9457b53fce414b965ec0a218b3c69c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Storestandal
Seksjonsleder mannskap
Arbeidsgiver
Rederi, fyr og sjømerking, Kystverket
Sted
Ålesund
Rådgiver/seniorrådgiver - Sikkerhetsleder
Arbeidsgiver
Navigasjonsteknologi og maritime tjenester, Kystverket
Sted
Ålesund