75% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Mjøstølen avlastning
Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Arbeidstid
- Natt
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. mai
Helsefagarbeidar – 75 % fast nattstilling ved Mjøstølen avlastning
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma
Ullensvang kommune søkjer ein trygg og ansvarsbevisst helsefagarbeidar til fast nattstilling ved Mjøstølen avlastning.
Om Mjøstølen avlastning Mjøstølen avlastning gir viktige tenester til familiar med born og unge vaksne som har ulike funksjonsvariasjonar. Vi held til sentralt i Odda sentrum og har døgnkontinuerleg drift. Vårt mål er at både brukarar og pårørande skal oppleve tryggleik, kvalitet og føreseielegheit.
Hos oss blir du ein del av eit stabilt, inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø. Stillinga inngår i ei ordning med to nattevakter på plass samtidig, noko som gir ekstra tryggleik og eit godt fagleg fellesskap.
Om stillinga og arbeidstidsordning
Som helsefagarbeidar på natt har du ansvar for å skape trygge rammer og sikre god oppfølging av brukarane våre.
Vi nyttar ein turnus med langvakter på 12,5 timar. Dette er ei ordning som er lagt til rette for å gi meir samanhengande tenesteyting for brukarane, samtidig som det gjev deg som tilsett lengre og gode friperiodar mellom arbeidsøktene.
Hovudoppgåver:
Regelmessige tilsyn og praktisk omsorg gjennom natta.
Handtere behov og følgje opp brukarane individuelt.
Handtering og administrasjon av legemiddel.
Bidra i kveldsrutinar før leggetid og morgonstell når brukarane vaknar.
Dokumentere observasjonar og hendingar i tråd med gjeldande rutinar.
Samarbeide tett med kollega for å sikre heilskapleg kvalitet.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidar. (Søkjarar med anna relevant fagutdanning, særskilt erfaring eller sterk interesse for brukargruppa vil òg bli vurderte).
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
Erfaring med bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem.
Gode norskkunnskapar: Det er eit krav at du meistrar norsk skriftleg og munnleg på eit nivå som sikrar trygg kommunikasjon og god dokumentasjon.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Møter menneske med ro, respekt og varme.
Er engasjert i arbeid med born og unge vaksne med funksjonsvariasjonar.
Arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar.
Er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Har evne til fagleg refleksjon.
Personleg egnethet vil bli tillagt avgjerande vekt.
Vi tilbyr
Ein føreseieleg turnus med 12,5 timars vakter og gode friperiodar.
Ein trygg arbeidsplass der ein alltid jobbar to nattevakter saman.
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt miljø.
Faglege utviklingsmoglegheiter og kompetanseheving.
Løn etter gjeldande hovudtariffavtale samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
Praktisk informasjon
Stillingsbrøk: 75 % fast nattstilling.
Arbeidstid: Langvakter (12,5 t) med arbeid p.t. kvar 3. helg.
Krav: Gyldig politiattest og godkjend tuberkulinstatus må leggjast fram før tiltreding.
Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale.
Kontaktpersonar:
Harald Molven, verksemdsleiar | Tlf: 97 43 66 62
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f9665c83-4eeb-481a-927d-342dd1528ff9
- Sist endret
5. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3624679_250471_nn