100 % vikariat for helsefagarbeidar i Heimetenesta
Osterøy kommune
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
100 % vikariat for helsefagarbeidar i Heimetenesta
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Om stillinga
Frå 01.12.2025 til 31.05.2026 er det ledig vikariat ved Heimetenesta i 100 % for helsefagarbeidar.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Den ledige stillinga har ordinære vakter på vekedagar, samt 14-timars langvakter kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar
- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram)
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Vi tilbyr
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Gode pensjonsvillkår
- Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f956dc5a-d189-43fd-b100-1f3c7af7dbee
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266965
Lignende annonser
Fleire ledige vikariat som helsefagarbeidar i Heimetenesta
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Heimetenesta
Sted
Straume
Spennende stilling i Raus bufellesskap med langvaktar
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Haus
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Bjørnafjorden