Helsefagarbeider
Alver kommune
Havnevegen 14, 5918 Frekhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider, 100% fast Nordgardstunet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Om stillinga
Vi har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i turnus med arbeid kvar 3. helg på Nordgardstunet. Det er evt høve til langvakter kvar 4. helg, eller rein langvaktsturnus. Vi ønskjer tiltreding i stillingane snarast råd.
Om avdelinga
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Som tilsett hos oss vil du få faglege utfordringar med komplekse sjukdomsbilete. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med erfaring frå liknande avdelingar
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevne og kommunikasjon med pasientgruppa.
Kven er du?
Vi søkjer etter helsefagarbeidarar som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvitsfull i di utøving av yrket.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c22d4f1-791d-452c-923c-a681004d497b
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268488
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune
Sted
Godvik
Helsefagarbeider - 50 % fast natt
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Manger
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune
Sted
Godvik