100 % fast stillling som sjukepleiar i Heimetenesta
Osterøy kommune
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- 100 % fast stillling for sjukepleiar i Heimetenesta
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om stillinga
Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100% sjukepleiarstilling frå 1. desember 2025, evt. etter avtale.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Hos oss har me høg fagleg dekning, slik at ein aldri er aleine sjukepleiar på vakt. Ein jobbar og saman med dyktige helsefagarbeidarar på alle vakter.
Den ledige stillinga har ordinære vakter på vekedagar, samt 14-timars langvakter kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Frå ny årsturnus frå mars 2026 har ein moglegheit til å frivillig gå over på turnus med berre langvakter.
Me tilbyr og fastløn på 20 000 kr. over tariffløn for dei som går i full stilling.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak
- Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning
- Sjukepleiefaglege prosedyrer
- Primærkontaktansvar
- Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Veiledning av studentar i avdelinga
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden
- Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram)
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Fastløn + 20 000 kr over tariffløn for heiltidstilsette
- God opplæring
- Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling
- Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad
Anna informasjon
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Kommunen har 6 mnd. prøvetid ved tilsetting
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
879375ea-c801-4eb6-a168-10fa2519a386
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269082
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Vaksdal
Sjukepleier - 100 % fast - Såta bu og servicesenter
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø