Sjukepleier - 100 % fast ved Såta bu og servicesenter
Alver kommune
Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
 - Sjukepleier - 100 % fast - Såta bu og servicesenter
 - Type ansettelse
 - Fast, heltid 100%
 - Arbeidstid
 - Turnus
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Vil du jobbe hos oss?
På Såta bu- og servicesenter bur pasientar med demenssjukdom, og jobbar tilsette med god fakompetanse, omsorg og eit engasjement for å skapa ein trygg og meiningsfull kvardag.
Vi har ledig ei 100% stilling for sjukepleier.
Stillinga er turnus, med arbeid kvar 3 helg, eller langvakter kvar 4 helg som ei prøveordning. Det vil også kunne være mogleg med langvaktsturnus i vekene som ei prøveordning dersom du ønskjer, og vi får godkjent søknad for det.
Såta bu og servicesenter
I februar 2025 opna ei ny langtidsavdeling for personar med demenssjukdom . Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Avdelinga har kapasitet til 12 personar med demenssjukdom og vi vil også kunne tilby forsterka skjerma eining ved behov. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvare enkelt kan oppleve glede og livskvalitet. Vi ynskjer å gi bebuarane eit godt liv og ein trygg kvardag i dei fine lokala våre.
Ved avdelinga vil det vere eit variert team beståande av sjukepleiarar, hjelpepleiarar, pleiemedhjelparar og lege. Som sjukepleiar i avdelinga vil du bli ein del av eit godt fagmiljø, der du får moglegheit til å bidra aktivt i korleis me skal jobba for å gi pasientane det dei treng i kvardagen.
Vi ønskjer at du skal bruke kompetansen din til å utvikle tilbodet vårt og skape eit trygt og omsorgsfullt miljø for pasientane.
Engasjementet og faglegen din innspel vil vere avgjerande for å bygge eit sterkt team og ein positiv kultur i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Vi har som mål å gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar. Dette inneber å tilpasse pleia etter behovet til den enkelte og ynskjer, og dessutan å sikre høg kvalitet i tenestene vi tilbyr. I stillinga di vil du delta aktivt i fagutviklinga i avdelinga og vere ein god rollemodell for både kollegaer og studentar.
Som sjukepleiar vil du ha det faglege ansvaret på dag/kveld og helg. Dette inneber mellom anna å overvake pasientane si helse og sikre at nødvendige tiltak blir sette i verk. Dokumentasjonen skal skje i samsvar med helsepersonellova, og det er viktig at all informasjon om pasientane er korrekt og oppdatert til ei kvar tid. Ein viktig del av arbeidet er å sikre varetaking av og godt samarbeid med pårøyrande saman med kollegaer og leiar ved avdelinga.
Som sjukepleiar vil du ha ansvar for gjennomføring og oppfølging etter legevistt ved avdelinga. Du vil også bidra til utviklinga av avdelinga med fokus på kva som er best for både pasientane og kollegaene. Vi ønskjer eit samarbeid som fremjar trivsel og utvikling.
Deltaking i utviklinga av kvar enkelt bebuar sin pleieplan er sentralt. Vi legg vekt på å forstå kva som er viktig for kvar enkelt bebuar, og korleis vi best kan møte deira behov.
Vi ser fram til å ha deg med på laget for å skape eit godt og fagleg sterkt miljø for både pasientar og medarbeidarar ved avdelinga.
Kompetanse
Vi krev følgjande kompetanse til stillinga:- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
 - Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
 - Gyldig arbeids og opphaldsløyve
 
- At du har erfaring med demens og korleis sjukdommen påverkar åtferd og funksjon
 - At du har erfaring med målretta miljøarbeid og personsentrert omsorg
 - At du er positiv og *engasjerande med evne til å skape gode stunder
 - At du har kunnskap om førebygging og handtering av uro, aggresjon og angst
 
Kven er du?
Du er ei sjukepleiar som har ei genuin interesse for fagfeltet og demensomsorg, og som brenn for å utvikle tilbodet vårt. Du har gode kommunikasjonsevner, og kan dele kompetanse og kunnskap med kollegene dine for å styrkje fagmiljøet. Du er ein som vil bidra med innovative løysingar som kan forbetre omsorga vi gir.
Det er viktig at du kan jobbe strukturert og har ein løysingsfokusert tilnærming. Som sjukepleiar vil du spele ei avgjerande rolle i å sikre at våre pasientar og deira pårørande opplever tryggheit og verdigheit, sjølv når dei møter utfordringar. Du har positiv innstillig og bidrar aktivt for et godt arbeidsmiljø
Du har eit godt fagleg fokus og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte. Dersom du er klar for å ta del i dette viktige arbeidet, vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
 - Årsturnus
 - Høve for langvakter i helg eller veke som ei prøveordning
 - Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
 
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg er også omsorgsbustader på Manger og Ostereidet blitt ein del av sjukeheimstenesta.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 5c460a2e-c815-42fe-8574-d79e5587397a
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 jobbnorge
- Referanse
 10268958
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Frekhaug
Vernepleiar/sjukepleiar - 100% fast x2 og x1 vikariat - Avlastningstenester for born og unge
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Vaksdal