Hopp til innhold

Fagarbeidarar og assistentar i barnehage

Arbeidsgiver

Volda kommune, Avdeling barnehage

Sted

Stormyra 2, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar og assistentar i barnehage
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. mars

Volda kommune kan frå barnehageåret 2026/2027 ha ledige stillingar i barnehagane som fagarbeidarar og assistentar. Det kan verte ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Dei kommunale barnehagane er som følgjer:
- Austefjord barnehage
- Bratteberg barnehage
- Engeset barnehage
- Folkestad barnehage
- Hornindal barnehage
- Lauvstad barnehage
- Mork barnehage
- Oppigarden barnehage


 
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
 
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barn ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, skule, kulturskule og vaksenopplæring  er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

 

Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE


Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

 

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 19.mars og 6.mai. Andre datoar kan og verte aktuelle. Referansar blir kontakta etter intervju.

 

Kommunen nyttar nynorsk som målform.
CV må fyllast ut i søknaden. 


Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne endringar.
 
 
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.
 
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.


Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, og kan vere både på små- og storbarns avdeling. Arbeidet kan og vere knytt til oppfylging av enkeltbarn.

Kvalifikasjonar

Personar med følgjande kompetanse vert oppmoda om å søke:
-          gjerne fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
-          erfaring frå arbeid med barn
-          gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-          bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27, UDIR § A2-B1
-          grunnleggjande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:
-          glad i barn og har evne til å bygge gode relasjonar
-          tolmodig, omsorgsfull og som ynskjer å gjere kvardagen til barna trygg og stabil
-          kreativ, forskande, undrande og har evne til å skape engasjement og er deltakande i barn sin leik og utvikling
-          fagleg engasjert og løysningsfokusert
-          fleksibel og samarbeidsorientert for å nå felles mål

Vi tilbyr

-          spennande oppgåver, der ein får medverke til å skape ein god barnehage for alle barn
-          eit kreativt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
-          høve til fagleg utvikling og vekst

 

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.

Den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

 

Kontaktinformasjon

Bodil Brautaset, avdelingsleiar barnehage, +47 91194598, bodil.brautaset@volda.kommune.no
Nina Hovden Eidheim, fagkonsulent oppvekst, 70058868, nina.hovden.eidheim@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5079760804
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 10.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Nina Hovden Eidheim

fagkonsulent oppvekst

70058868

nina.hovden.eidheim@volda.kommune.no

Bodil Brautaset

avdelingsleiar barnehage

+47 91194598

bodil.brautaset@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f945ab75-945a-4bcf-bce0-5a47168d3c79

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

273a151bb068456d8f2834113564d7d7

Lignende annonser