Hopp til innhold

Barnevernkonsulent

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Barnevernkonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 3. september

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har eit ledig vikariat i 100 % stilling med snarleg oppstart og fram til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting.

Er du ein engasjert fagperson og ynskjer å vere del av eit fagmiljø der du kan gjere ein positiv skilnad? Vi søker deg som ynskjer varierte barnevernfaglege oppgåver i eit miljø med erfarne tilsette som er opptatt av utvikling, samarbeid og med eit høgt fagleg fokus! 

Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 8,1 årsverk og har godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å tilby tiltak for barn, unge og familiar der dei bur og vi har fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga. Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid med andre tenester. 

Tenesta jobbar etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor ein variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.

Arbeidsoppgåver

  • Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
  • Dokumentering og sakshandsaming av det barnevernsfaglege arbeidet i tråd med lovkrava
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
  • Deltaking i barnevernfagleg akuttarbeid
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Aktiv deltaking i utviklinga av tenesta sitt faglege arbeid
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • - 3-årig relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, fortrinnsvis som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. 
    - Påbegynt eller fullført masterutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. 
    - Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste. 
    - Førarkort klasse B (Krav)
  • Personlege eigenskapar

    Vi ynskjer deg som:

    • har god relasjonskompetanse
    • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
    • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
    • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
    • er fleksibel, robust og har høg arbeidskapasitet
    • har eit fagleg engasjement
    • er trygg, raus og varm i fagutøvinga
    • vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
    • er digitalt kompetent og har interesse for dette

    Vi tilbyr

    • Kommunen kan legge til rette for vidareutdanning viss ynskeleg
    • Løn etter tariff. Som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 10 års ansiennitet
    • Ellers gjeld arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Fleksibel arbeidstid
    • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
    • Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
    • Fagleg og personleg utvikling med støtte frå erfarne fagpersonar
    • Vestre Slidre og Vang ligg i sentralitetsklasse 5 og 6, og ved å bu i ein av desse kommunane kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.

    Kontaktinformasjon

    Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 949 78 343

    Arbeidsstad

    Slidrevegen 16
    2966 SLIDRE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

    Referansenr.: 5160485687
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Søknadsfrist: 03.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Melanie Degen

    Tenesteleiar Familie, helse og førebygging

    949 78 343

    Om bedriften

    Andre opplysningar

     Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

     

    Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

    Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

    Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f94455e0-c04e-4cec-bc28-1cfcf762c4bd

    Sist endret

    13. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9a8213e343a1432f89e80d6e99388439

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser