Fast stilling som miljøterapeut
Helse, sosial og omsorg (HSO)
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, deltid 90%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. desember
Er du vernepleiar eller sjukepleiar? Ønskjer du å bidra til at menneske som får tenester i eigen heim, opplever tryggleik, meistring og sjølvbestemming?
Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Habiliteringstenesta har 2 x 90 % ledige stiliingar som vernepleiar/sjukepleiar, ei stilling i ordinær turnus med lange vakter tredje kvar helg og ei stilling i langvaktsturnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan bli aktuelt å auka stillingsprosenten på sikt.
Habiliteringstenesta gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande hjelpebehov. Me har for tida ca 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du ein del av eit utviklingsorientert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggja behov og utarbeida tiltaksplanar, vedtak og dokumentasjon.
- Følgja opp journalføring og medikanmenthandtering.
- Samarbeid med avdelingsleiar om dagleg drift, tenesteutvikling og delegerte oppgåver.
- Oppfølging og rettleiing i tråd med gjeldande lovverk, mellom anna helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og pasient- og brukarrettslova kapittel 4.
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar, pårørande og verje.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunna påreknast.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar. Tredjeårsstudentar i vernepleie og sjukepleie blir oppmoda om å søkja.
- Relevant bachelorgrad innan helse-, sosial- eller pedagogikk kan òg bli vurdert.
- Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid, særleg pleie, demens, aldring og arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar.
- Fysiske føresetnader for å utføra arbeidsoppgåvene trygt og forsvarleg.
- Norskferdigheiter på minimum nivå B2, munnleg og skriftleg. Kravet gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål.
- Førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg at du har:
- Kompetanse i digitale fag- og planleggingssystem som t.d. Profil og Visma Ressursstyring.
- Erfaring frå målretta miljøarbeid og habilitering .
- Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4 og § 5-4 a.
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekomande, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Du er sjølvstendig, men arbeider òg godt i team.
- Du er uredd og kan stå i krevjande situasjonar over tid.
- Du trivst med variert arbeid, er løysingsorientert i møte med uventa hendingar.
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysningar:
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Kontaktinformasjon
Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar Varhaug, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.noLine Hovland Stavland, Avdelingsleiar Raunevarden, 482 76 521, line.hovland@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5211800647
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo!
Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Kven er me?
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Kva får du hos oss?
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f925db1b-373a-41d8-8946-c7e187ca67ac
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b657c1d770c4c068ed8b820b65f86bc