Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver

Bømlo bu- og helsesenter

Sted

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 18. desember

Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter?

Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar.

Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.

Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga:

  • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 16 korttid- og rehabiliteringsplassar. Avdelinga har eit veldig godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
  • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 32 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. 
  • Teiglandshagen er eit bufellesskap med 16 plassar for personar med demenssjukdom. Bufellesskapet ligg lokalisert i Mosterhamn. Avdelinga har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Deira mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.
  • Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset.
  • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

Me søkjer:

  • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
  • Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. 
  • Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.
  • Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet.
  • Assistentar til reinhald.

For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.  

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.

Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud.

Kontaktinformasjon

Monica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no
Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no
Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald, 479 70 390, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no
Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 472 75 457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5133030884
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.12.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann Mari Mikalsen

Kjøkkenleiar

472 75 457

ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no

Ann Heidi Mathisen

Avdelingsleiar Teiglandshagen

457 20 536

ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no

Chatrin P. Risøy

Avdelingsleiar Natt og Reinhald

479 70 390

chatrin.risoy@bomlo.kommune.no

Solveig G. Madsen

Avdelingsleiar Post 2 Sør

474 52 732

solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no

Kristina H. Pettersen

Avdelingsleiar Post 1 Nord

908 93 242

kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no

Isabel Knutsen

Avdelingsleiar KOR

909 34 641

isabel.knutsen@bomlo.kommune.no

Monica Smedsrud

Verksemdleiar

404 85 607

monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6cd597b-bffd-4438-9016-3252312fe4c9

Sist endret

26. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0bc93a332d3843b583168a43bbbca3f8

Lignende annonser

Laster lignende annonser