Hopp til innhold

Me søkjer miljøterapeutar til medleverturnus – er du ein av dei?

Arbeidsgiver

Habiliteringstenesta

Sted

Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for heildøgnstenester.

Avdelinga Askebærhaugen/Haugen søkjer to engasjerte miljøterapeutar til medleverturnus. 

Hos oss får du høve til å vere tett på kvardagen til tenestemottakarane og bidra til føreseielege rammer som skapar tryggleik, meistring og utvikling. Me ser etter deg som er fagleg engasjert, trygg i møte med menneske og som ønskjer å bidra til målretta og fagleg gode tenester. Det vil verta oppstart etter avtale.

Turnus:
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4. helg


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål og tilrettelegging for god omsorg og utvikling for tenestemottakarane.
  • Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak og dokumentasjon i Profil, samt medikamenthandtering.
  • Oppfølging og rettleiing i tråd med gjeldande lovverk.
  • Rettleia miljøarbeidarar og delta i planlegging og gjennomføring av fagmøte.
  • Samarbeida internt i tenesta og med aktuelle instansar, verje og pårørande.
  • Utføra delegerte oppgåver frå avdelingsleiaren.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar. Vernepleiarstudentar som går tredje studieår, blir oppmoda om å søkje.
  • Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk bachelorutdanning kan også bli vurdert. Erfaring frå brukargruppa og kompetanse innan åtferd som utfordrar vil bli vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B. 

Ønskjelege kvalifikasjonar: 

  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og autisme. 
  • Erfaring med førebygging og handtering av åtferd som utfordrar.
  • Arbeidserfaring med systematisk og målretta miljøarbeid samt habilitering.
  • Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
  • Erfaring og kompetanse i handtering av digitale system.
  • Har fysiske føresetnader for å utføra arbeidsoppgåvene i stillinga på ein trygg og forsvarleg måte.

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekomande og venleg med evne til å byggja gode relasjonar.
  • Arbeider sjølvstendig, samarbeider godt med andre og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Løysingsorientert og uredd når krevjande situasjonar oppstår.
  • Likar ein variert arbeidskvardag.

Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar: 

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4.

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Sandra Thorsheim. 

    Kontaktinformasjon

    Sandra Hastrup Thorsheim, Avdelingsleiar, 459 70 897, thorsheim@bomlo.kommune.no

    Arbeidsstad

    Kyrkjevegen 1
    5430 Bremnes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Bømlo kommune

    Referansenr.: 5208993301
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 30.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sandra Hastrup Thorsheim

    Avdelingsleiar

    459 70 897

    thorsheim@bomlo.kommune.no

    Om bedriften

    Berekraftige Bømlo! 

    Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.

    Kven er me?

    Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
    Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.

    Kva får du hos oss?

    Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.

    Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.

    Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.

    Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a49aa78d-e953-414c-a947-a48fb80bd776

    Sist endret

    16. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8bf802fd1d3843a68e798c3193a1c118

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser