Hopp til innhold

Helgestillingar

Arbeidsgiver

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 29%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Er du vår nye kollega på helg? Vi har ledig to faste helgestillingar i avdeling 1 (Åsavegen) . 

Vi ser etter deg som har utdanning innan helse- og omsorgsfag eller er utan helsefagleg bakgrunn men har erfaring frå arbeid med brukarar med psykisk liding, utviklingsforstyrringar eller utviklingshemming. Vi ynskjer også at du søker dersom du tenkjer at dette kan vere stillinga for deg, sjølv utan formell kompetanse.

 

Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 65 brukarar med mellom anna utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 75 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med overordna mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. 

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra i miljøarbeidet. Hjelp til daglege og praktiske gjeremål vert gitt i brukarane sin heim. Arbeidskvardag er variert med miljøarbeid, helseoppfølging og bistand til daglege praktiske gjeremål i kvardagen som å handle, matlaging, vask av klede og bustad. Vi bistår også med hjelp til hygiene og eigenomsorg. Vi legg til rette for aktivitet som kan gjere kvardagen meiningsfull for den enkelte. 

Arbeidet er organisert med langvakter (12,5-14t) kvar fjerde helg, fredag, laurdag og søndag. 

Vi har til ei kvar tid også behov for dyktige ekstravakter som kan ta på seg arbeid ved behov ut over dette, dersom det er ynskjeleg for deg.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål!


Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er varierte og består mellom anna av: 

  • Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Utøve miljøarbeid og følge opp planar med støtte frå kjend personale
  • Tiltak etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har erfaring frå målgruppa, du kan ha helse/sosialfagleg utdanning

eller

deg som tenkjer at dette kan vere stillinga for deg, sjølv utan spesifikk erfaring eller formell kompetanse

  • Førarkort kl. B er ynskjeleg
  • Du må vere over 18 år
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk
  • Kunne nytte journal- og fagsystem

Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.

    Vi søker deg som

    • Er ein god teamarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
    • Har godt humør, omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
    • Er ein ansvarsbevisst og trygg vaksen

    Vi tilbyr

    • Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
    • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for utvikling fagleg og personleg.
    • Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
    • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 

    For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.  

    Kontaktinformasjon

    Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, 478 75 932, elise.fjelle@gloppen.kommune.no
    Kristine Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

    Arbeidsstad

    Grandavegen
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5065953463
    Stillingsprosent: 29%
    Fast
    Søknadsfrist: 15.02.2026

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f8528e80-089d-4cfd-a6f2-e7d4a3d1eade

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e0d30474c86646549984119ed5a9b3ec

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser