Sjukepleiar
Psykose sengepost Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 9. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 26%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. februar
Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern! Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeida til ei helgestilling som sjukepleiar. Oppstart frå snarast.
Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg.
Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik.
Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Som medarbeidar hos oss vert du del av eit fagmiljø som legg stor vekt på:
- kvalitet og fagleg tryggleik
- samarbeid og godt arbeidsmiljø
- kontinuerleg utvikling og forbetring
- tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta
Seksjonen høyrer til i Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, saman med Akutt psykisk helse Sunnmøre, Sikkerheitspsykiatri Sunnmøre, Allmennpsykiatri Sunnmøre, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderspsykiatri Sunnmøre.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar hos oss vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilskapleg og forsvarleg behandling.
- Arbeid etter individuelle behandlingsmål og tiltaksplanar
- Fagleg oppdatering og etterleving av gjeldande rutinar og retningsliner
- Deltaking i obligatorisk MAP-opplæring (handtering av aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt, med koordinering og beslutningsstøtte
- Bidrag til fag- og kvalitetsutvikling, inkludert forbetringsarbeid og deltakelse i fagmøte
- Rettleiing av studentar, nytilsette og samarbeidspartnarar
- Aktiv deltagar i å bygge eit trygt, varmt og godt arbeids- og læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gjerne erfaring frå psykisk helsevern
- Berherskar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for arbeid med menneske med psykoselidingar
- Du arbeider godt tverrfagleg og byggjer gode relasjonar
- Du er trygg, strukturert og samarbeidsretta
- Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, erik.sletten.helgesen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5067574485
Stillingsprosent: 26%
Fast
Startdato: 09.02.2026
Søknadsfrist: 05.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f83eaf69-1f12-4a39-850b-54e4ab19ca7d
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0bc1497bd68d4b2f957283c1ac029c9f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar/Vernepleiar
Arbeidsgiver
DØGNSEKSJON PHBU MOLDE OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund