PROFESSOR ELLER FØRSTEAMANUENSIS I MEDISINSK KUNSTIG INTELLIGENS VED DET MEDISINSKE FAKULTET
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- PROFESSOR ELLER FØRSTEAMANUENSIS I MEDISINSK KUNSTIG INTELLIGENS VED DET MEDISINSKE FAKULTET
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. mars
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=i4SDcLir6OcPROFESSOR ELLER FØRSTEAMANUENSIS I MEDISINSK KUNSTIG INTELLIGENS
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som professor eller førsteamanuensis i fagområdet medisinsk kunstig intelligens (KI) ved Institutt for biomedisin. Vi søkjer ein framifrå kandidat med solid akademisk kompetanse innan KI og biomedisinsk, medisinsk eller helserelatert forsking. Den som blir tilsett skal samarbeide med tilsette ved instituttet og fakultetet elles for å bidra til forsking og undervisning av høg kvalitet.
Det medisinske fakultetet er, i samarbeid med Universitetssjukehuset og Høgskulen på Vestlandet, i ferd med å etablere eit Senter for medisinsk KI i Bergen. Den som blir tilsett, vil vere leiar for senteret og ha overordna akademisk og strategisk ansvar for å etablere, utvikle og vidareutvikle Senter for medisinsk kunstig intelligens i Bergen. Det er venta auka finansieringsmoglegheiter innan medisinsk KI både i Bergen og i Noreg dei komande åra, og det er allereie pågåande forskingsaktivitetar innan KI‑feltet ved alle dei involverte institusjonane, med innovative prosjekt knytte til, til dømes, legemiddelutforming, analytiske metodar og medisinsk biletdiagnostikk. For ein høgt kvalifisert kandidat kan ei startpakke for å byggje vidare på desse initiativa diskuterast.
Forskingsverksemda ved Institutt for biomedisin er retta mot grunnleggande spørsmål innan human medisin og biomedisin, med sentrale fagområde som kreftforsking, nevrovitskap, immunologi, legemiddelutvikling, metabolisme, proteomikk og strukturell biologi. Undervisningsansvaret omfattar i hovudsak medisinstudiet og odontologistudiet, samt masterprogrammet i biomedisin.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som blir tilsett i denne stillinga, er venta å både initiere og leie forskingsprosjekt innan medisinsk KI, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver innanfor ei tilrådd tidsramme. Det er forventa at den tilsette jamleg leverer søknader til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.
Undervisningsoppgåvene som følgjer stillinga, er i hovudsak knytte til Institutt for biomedisin, med særleg vekt på medisinsk KI. Den tilsette har òg plikt til å undervise innan dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har ansvar for. Det er venta at den som får stillinga, viser høge ambisjonar og god kvalitet i forsking og undervisning, og deltek aktivt i strategisk planlegging og faglege aktivitetar ved instituttet og fakultetet.
Som leiar for Senter for medisinsk kunstig intelligens i Bergen vil den tilsette mellom anna vere ansvarleg for å utvikle og gjennomføre senteret sine strategiske initiativ, koordinere aktivitetar mellom ulike partnarar og relevante samarbeidspartnarar, etablere og styrkje nettverk med relevante nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og synleggjere senteret sitt arbeid gjennom publikasjonar, konferansar og formidlingsaktivitetar.
Stillinga er knytt til Det medisinske fakultetet, primært ved Institutt for biomedisin. Ved dei fire andre institutta finst det sterke translasjonsretta forskingsmiljø som gir potensielle samarbeidspartnarar med fokus på KI.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar må ha doktorgrad i eit relevant fagfelt, anten frå Noreg eller ein internasjonalt godkjend ekvivalent. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, har lukkast med å få tildelt forskings- og utdanningsmidlar frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og har omfattande erfaring med å leie og rettleie andre forskarar. Resultat oppnådde dei siste 5–7 åra vil bli tillagt særleg vekt i vurderinga av søknaden. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt, det same gjeld erfaring med og interesse for innovasjon. Den ideelle kandidaten vil ha ei tydeleg visjon for korleis eit KI-senter kan etablerast og utviklast, og korleis eit slikt senter kan styrkje instituttet si strategiske stilling og konkurranseevne innan KI-retta forsking.
Den ideelle kandidaten har òg erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsstudium, samt erfaring med rettleiing av stipendiatar. Pedagogisk kompetanse er eit obligatorisk krav for denne stillinga. Kandidatar blir råda til å konsultere rettleiarane for utvikling av pedagogisk mappe ved Enhet for læring.
Dersom kandidaten ikkje kan dokumentere nødvendig kompetanse ved tilsetjing, vil det bli forventa at denne blir opparbeidd innan to år. Opplæring vil bli tilbydd dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjinga.
Det primære undervisningsspråket er norsk. Den som blir tilsett, må oppnå ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing.Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr norskkurs og vil støtte kandidaten i å oppfylle språkkravet.
Søkjaren si personlege eigenskapar i høve til stillinga vil vere ein viktig faktor i vurderinga. Vidare bør forskingsfokuset til kandidaten vere i samsvar med eitt av instituttet sine sentrale tematiske område (sjå https://www.uib.no/en/biomedisin/64844/research-units).
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Professor: Løn er for tida kr 970 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 990 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
- Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
- Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Pedagogisk mappe
- Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
- Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Dekan Silje Skrede, prodekan, Det medisinske fakultet.
Særlege krav til stillinga
Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f83c6acd-d5e8-410e-931d-e37de5b22b1a
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10280973
Lignende annonser
Professor eller førsteamanuensis (100 %) i medisin (immunologi)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Prosjektøkonom (Rådgjevar)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen