Hopp til innhold

Ferievikar ved legekontoret

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar ved legekontoret
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ferievikar ved Aurland legekontor

Me søker etter ein engasjert og serviceinnstilt ferievikar i perioden 01.06.2026 – 30.09.2026.

Legekontoret har i dag tre fast tilsette legar i alternativ arbeidstidsordning, LIS1-lege og kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er spesialist i samfunnsmedisin. Me er eit godt samansett og triveleg fagmiljø med helsesekretærar, fagarbeidar og sjukepleiar.

Me er lokalisert i Fjordsenteret, som ligg fint til ved Aurlandsfjorden. 

Som ferievikar hjå oss vil du ta del i den daglege drifta av legekontoret, og bidra til gode pasientforløp. 

👉 Skriv i søknaden når du kan jobbe.

Me ser fram til å høyre frå deg! Ring oss gjerne før du sender søknad.


Arbeids- og ansvarsområde

Ferievikar som hjelpepersonell ved legekontoret, med desse hovudoppgåvene: 

  • ekspedisjons- og resepsjonsarbeid
  • pasientkontakt, både direkte og på telefon
  • timebestilling og administrative oppgåver
  • laboratoriearbeid og prøvetaking
  • samarbeid og assistering med legar og anna helsepersonell

Arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og erfaring.


Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med erfarne og støttande kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff 
  • varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
  • god opplæring og rettleiing
  • studentar under høgskuleutdanning får løn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga
  • 6 år tilleggsansiennitet for fagbrev og høgskuleutdanning
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

Me vil at du har:

  • utdanning eller erfaring som sjukepleiar,  sjukepleiar-student, medisinar-student, helsesekretær, helsefag
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • gjerne kjennskap til journalsystemet Infodoc

 


Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • er serviceinnstilt, strukturert og påliteleg
  • kan samarbeide, og kommunisere godt, med pasientar  og kollegaer
  • har godt humør og er positiv
  • tek nye utfordringar

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
  • me vil prøve å imøtekome ynskje om arbeidstid så langt det let seg gjere
  • det blir stilt krav om ny politiattest jamfør helsepersonellova, før du kan byrje som ferievikar

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest


Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7edf8fe-eb15-40a3-acc2-16c3858839e8

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10279331

Lignende annonser

Laster lignende annonser